Dialogmøte med lag og organisasjonar om Ukraina
Stavanger kommune inviterer frivillige organisasjonar til dialogmøte om Ukraina-situasjonen, måndag 14. mars kl. 18.00 på Folkets Hus i Løkkeveien 22.
Denne nyhetssaken er mer enn en måned gammel. Innholdet kan derfor være foreldet eller ikke oppdatert.
Gå til stavanger.kommune.no/nyheter for siste nytt.
Kommunen riggar i desse dagar for å kunne ta imot flyktningar. I denne samanhengen ynskjer kommunen både å ha ein tett dialog og sjå på alternativ for samarbeid med frivillige organisasjonar.
Ordførar Kari Nessa Nordtun vil ønskja velkommen til møtet.
Hensikten med det innleiande dialogmøtet er å informera kvarandre om tiltak og planar.
- Me har gode tradisjonar for samarbeid med frivilligheita når internasjonale kriser oppstår. Me veit førebels ikkje kva me treng bistand til, men me har tru på å starte ein tidleg dialog om kva organisasjonar i Stavanger gjer eller planlegg å gjera, seier Atle Melangen, seksjonssjef frivilligheit Atle Melangen i Stavanger kommune.
Les meir: Krigen i Ukraina - Kva gjer Stavanger kommune?
Atle Melangen
seksjonssjef frivilligheit
- Mobil:
- 909 87 547
- Telefon:
- 51 91 38 48
- E-post:
- atle.melangen@stavanger.kommune.no