Hedra for innsatsen i handicapidretten
Jane Stensland Opheim er vinnar av Idrettens Ildsjelpris 2025. Ho representerer Stavanger Handicapidrettsklubb (Stavanger HAIK).
Jane Stensland Opheim fekk overrekt Idrettens Ildsjelpris 2025 av ordførar Tormod W. Losnedal. Til høgre: varaordførar Henrik Halleland.
Prisen blei overrekt av ordførar Tormod W. Losnedal under ein mottakelse på Tou måndag 13. januar, der også idrettsmeistrar som har utmerka seg i norske og internasjonale meisterskap blei heidra. Sjå oversikt lenger nede på sida.
Juryen framhevar at Stensland over mange år har bidratt innan handicapidretten, og at ho gjennom sitt virke som trenar, har vore bærebjelken for klubben sidan oppstarten i 1987.
I grunngjevinga blir det trekt fram at ho i 37 år har stått i bassenget som trenar for eit utal barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar i Stavanger og omegn, og gitt dei meistring i vatnet, og drive med symjeopplæring og symjetrening. Ho har med sine gode pedagogiske evner møtt barn og foreldre på ein trygg og god måte, i vatn som på land, både før, under og etter trening.
Barnas framgang gir motivasjon
Det å få sjå og oppleve barn og unges framgang er det som har gitt motivasjon i alle desse åra, ikkje minst sidan dette er menneske som har utfordringar i andre samanhengar i livet, seier Stensland Opheim.
Kvar veke gir ho og to andre instruktørar individuell symjeopplæring til 19 barn og unge i Tastahallen.
Om prisen
Idrettens Ildsjelpris blei første gong delt ut i 2010. Dette er dermed 16. gong prisen blir delt ut. Ildsjelprisen er ei årleg kåring og det er samtidig ei heidring av dei mange ildsjelene som idretten er heilt avhengig av. Det er Stavanger kommune og Idrettsrådet som på vegne av heile idretten i Stavanger tildeler Idrettens ildsjelpris.
Vinnaren av Ildsjelprisen mottar ein sjekk på kr 25.000, og eit synleg heidersbevis i form av eit diplom.