Nytt smittetilfelle ved St. Svithun skole
47 elevar og fire lærarar er i karantene etter at ein niandeklassing har fått påvist korona.
Denne nyhetssaken er mer enn en måned gammel. Innholdet kan derfor være foreldet eller ikke oppdatert.
Gå til stavanger.kommune.no/nyheter for siste nytt.
Eleven var på skulen sist veke og testa positivt i dag.
Ein klasse med 27 elevar, ei valfaggruppe på 20 elevar samt fire tilsette må i karantene, men dei kan testa seg ut av karantenen dersom dei testar negativt sju dagar etter at dei blei eksponerte for smitte. Det vil seia at dersom dei testar seg i morgon (langfredag) og testen er negativ, så kan dei gå ut av karantenen.
Ungdomsskulen på Storhaug hadde eit smittetilfelle på 9. trinn fredag 26. mars òg. Eleven som no er smitta, går på same trinnet, men i ein annan klasse.
– Det er svært lite sannsynleg at den eine eleven har smitta den andre, og det er ikkje noko som tyder på at smitten kan sporast til skulen, seier rektor Vibeke Vikse.
Skulen har vore i kontakt med alle foreldra til dei som er definerte som nærkontaktar.
Kontaktpersonar for media:
Rektor ved St. Svithun skole, Vibeke Vikse, 901 45 180
Skolesjef Jørn Pedersen, 468 51 272