Folkeavstemming på Sjernarøy
Stavanger bystyre har fatta vedtak om å halda ei rådgjevande folkeavstemming om hovudmål ved Sjernarøy oppvekstsenter. Folkeavstemminga skal vera i forbindelse med stortings- og sametingsvalet 2025.

Det er lagt opp til ei rådgjevande folkeavstemming, jf. § 12-2 i kommunelova. Etter valet vil det bli lagt fram ei sak til bystyret, der det endelege vedtaket om hovudmål ved Sjernarøy oppvekstsenter skal avgjerast. Bystyret har ikkje plikt til å følgje det rådet veljarane gjer gjennom valet.
Kven kan stemme?
- Dei som høyrer til Sjernarøy valkrins
- Føresette til elevar på skulen per 01.08.2025 som ikkje bur i valkrinsen
- Stemmealder er 16 år
Når kan ein stemme?
- Ein kan førehandsstemme frå og med måndag 11. august til og med fredag 5. september
- Valdagane er sundag 7. september og måndag 8. september
Kor kan ein stemme?
I førehandsstemmeperioden:
- Valbrakka på torget i Stavanger sentrum
- måndag til fredag kl. 10.00 - 18.00
- laurdag kl. 10.00 - 17.00
- Innbyggjartorget på Finnøy og Rennesøy måndag til fredag kl. 08.30 - 15.00
På valdagen vil det kun vera mogleg å stemme på Sjernarøy og Finnøy:
- Finnøy fleirbrukshall
- sundag 7. september kl. 15.00 - 20.00
- måndag 8. september kl. 10.00 - 21.00
- Sjernarøy oppvekstsenter måndag 8. september kl. 13.00 - 19.00
Kva skal ein ta stilling til?
- Vil du ha nynorsk som hovudmål ved Sjernarøy oppvekstsenter?
eller
- Vil du ha bokmål som hovudmål ved Sjernarøy oppvekstsenter?
Kva konsekvensar vil dette få?
Ei eventuell endring av hovudmål vil fyrst tre i kraft frå skuleåret 2026/2027. Det betyr at elevar på 1. til 7. trinn i det skriftlege arbeidet skal bruke det skriftspråket som kommunen har vedteke som hovudmål for skulen.
Kontaktinformasjon

Martha Rødde
seniorrådgiver/valgansvarlig
- Mobil:
- 402 01 305
- Telefon:
- 51 50 72 34
- E-post:
- martha.rodde@stavanger.kommune.no