Språkbruksplan
Temaplan for språk 2023–2027, vedtatt i Stavanger kommunestyre 25. september 2023. Planen skal reviderast kvart fjerde år. Kvart anna år legg kommunedirektøren fram ei orienteringssak om status for arbeidet med tiltaka i planen.
Språkbruksplanen
1. Vedtatt
Temaplan for språk 2023–2027 blei vedtatt i Stavanger kommunestyre 25. september 2023.
Planen skal reviderast kvart fjerde år. Kvart anna år legg kommunedirektøren fram ei orienteringssak om status for arbeidet med tiltaka i planen.
Kva er ein språkbruksplan?
Ein språkbruksplan seier noko om kva språkpraksis ein kommune har. Planen gir overordna føringar for korleis kommunen skal bruka språk i møte med innbyggarane.
Måten kommunen bruker språket på, skal gjera tenestene og politikken forståeleg og tilgjengeleg for alle i samfunnet. Klart og godt språk er inkluderande. Det gir fleire høve til å delta i lokaldemokratiet, fordi dei forstår korleis kommunen fungerer.
Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg og administrasjonsspråket i Stavanger kommune.
Bokmål og nynorsk er likeverdige språk som skal kunna brukast i alle delar av samfunnet.
Innhaldet i denne planen er i tråd med språklova. Planen koplar også språkarbeidet til andre kommunale planar og til nasjonalt regelverk.
Kva skal me med ein språkbruksplan?
Som borgar i Noreg og innbyggar i Stavanger kommune har du visse språklege rettar. Desse rettane er nedfelte i den nasjonale språklova og i språkvedtak som politikarane i Stavanger kommune gjer.
Med denne språkbruksplanen viser Stavanger kommune korleis me møter krav som blir stilte til språk innanfor ansvarsområda som kommunen har.
Planen viser korleis kommunen
- sikrar dei språklege rettane du som innbyggar har
- tar omsyn til andre språk i samfunnet
- sikrar og styrker nynorsk i oppvekst- og skulesektoren og Stavanger-samfunnet elles
Tiltaka i planen er avgrensa til områda som kommunen sjølv har ansvar for, på arenaer der folk møter kommunen.
Planen rettar særleg merksemda mot skule- og oppvekstsektoren, kulturfeltet og administrasjonsspråket.
mål for språkarbeidet
Stavanger kommune har to overordna mål for språkarbeidet:
Mål 1: Me bygger fellesskap gjennom eit klart og korrekt språk som er tilpassa ulike målgrupper.
Mål 2: Nynorsk er ein naturleg og synleg del av språket i Stavanger kommune.
Kva seier språklova?
Føremålet med språklova er å styrka norsk språk, slik at det blir sikra som eit samfunnsberande språk som kan nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. Lova skal fremma likestilling mellom bokmål og nynorsk, og sikra vern og status for dei språka som staten har ansvar for.
Språklova seier dette:
- Offentlege organ skal kommunisera på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa.
- Offentlege organ har eit særleg ansvar for å fremma nynorsk som det minst brukte norske skriftspråket.
Språkbruksplanen viser korleis Stavanger kommune følger opp krava i språklova som gjeld klarspråk og nynorsk.
Kva er klarspråk?
Klarspråk er kommunikasjon med så tydeleg ordlyd, struktur og visuell utforming at lesarane i målgruppa finn informasjonen dei treng, forstår han og kan bruka han.
Klart språk bygger fellesskap
Visjonen til Stavanger kommune er «Me bygger fellesskap». God kommunikasjon og eit klart språk er viktige grunnsteinar når me bygger dette fellesskapet.
Eit klart språk styrker demokratiet — fellesskapet — og gjer informasjonen frå kommunen tydelegare. Då forstår folk lettare kva rettar og plikter dei har, og fleire kan delta i samfunnsdebatten.
Stavanger kommune har ein språkprofil som ligg til grunn for måten me skriv på. Når me skriv klart, reduserer me faren for at kommunen misbruker makt og tilslører fakta. Det er med på å auka tilliten til kommunale tenester.
Mange som oppheld seg i kommunen, skjønar ikkje norsk. Somme har andre språklege utfordringar. Kommunen har òg eit språkleg ansvar for desse, særleg i situasjonar som gjeld helse, miljø og tryggleik.
Strategiske grep
- Dei tilsette i kommunen skal følga prinsippa i den vedtatte språkprofilen for Stavanger kommune når dei vender seg til innbyggarane, politikarane og andre kommunetilsette.
- Kommunen skal ta omsyn til lesarar med ulike leseutfordringar og andre språk enn norsk som førstespråk. Informasjonen skal vera tilgjengeleg for så mange som mogleg, og språket skal
respektera mangfaldet i samfunnet.
Kommuneorganisasjonen
Klart språk er inkluderande. Fleire folk får forståing for korleis kommunen jobbar. Det skal gjera innbyggarane meir sjølvhjelpte og føra til at fleire ser verdien i å delta i lokaldemokratiet.
Det er god kommuneøkonomi å bruka klarspråk. Når bodskapet er tydeleg, slepp folk å kontakta kommunen med spørsmål. Då sparer både innbyggarane og kommunen tid.
Språkprofilen er forankra i både den administrative og den politiske leiinga i kommunen. Alle har eit ansvar for å uttrykka seg klart. Når også leiinga tek dette ansvaret, set dei gode eksempel for resten av organisasjonen
Tiltak
- Me skal styrka kjennskapen til kommunen sin språkprofil blant dei tilsette.
- Me skal jamleg gå gjennom standarddokument for å sikra at innhaldet følger klarspråksprinsippa.
- Me skal tilby kurs i språkprofilen. Både nytilsette leiarar og tilsette med skriving som arbeidsoppgåve skal ta slike kurs.
- Me skal laga eit e-læringskurs i språkprofilen. Dette skal vera eit supplement til instruktørleia språkkurs.
- Me skal fortsetta å tilby skrivekurs for tilsette som skal skriva saksframlegg. Klarspråk skal vera utgangspunkt for skrivekursa.
- Me skal arbeida for at språk vert ein del av plan- og prosessarbeidet på tidlegast mogleg tidspunkt i eit prosjekt. Språk skal inn som sjekkpunkt i prosjektrettleiarar og i malen for kommunikasjonsplanlegging.
Stavanger-samfunnet
Somme gonger er det nødvendig å tilpassa språket ytterlegare for å nå enkelte målgrupper.
Mange innbyggarar bruker eit anna språk enn norsk. Når me legg vinn på å følga prinsippa for klarspråk, bidreg me til at folk som lærer seg norsk, lettare kan tileigna seg språket og bli ein del av
fellesskapet.
Klarspråk er ein føresetnad for å ta i bruk universelt utforma digitale løysingar. Slik når me også innbyggarar med andre språklege utfordringar, som syns- og høyrslehemming.
Klarspråk er vidare ein føresetnad for å lukkast med å ta i bruk kunstig intelligens. Det gir betre svar hos chatbotar og betre resultat ved bruk av maskinomsetting til andre språk.
Tiltak
- Me skal kartlegga korleis minoritetsspråklege oppfattar kommunikasjonen med kommunen. Innsikta skal gi oss kunnskap om korleis me best kommuniserer med dei ulike mål- og språkgruppene.
- Me skal tilby tolking på teiknspråk under direktesende pressekonferansar om liv og helse der teksting ikkje er mogleg
- Navet for ekstern informasjon, www.stavanger.kommune.no, skal vera både teknologisk og språkleg universelt utforma:
- Talande web-teknologi gjer informasjonen tilgjengeleg for svaksynte.
- Kort fortalt-boksen i starten av ein artikkel gir oversikt over hovudinnhaldet. Slik tilbyr me lese- og sorteringshjelp for både sterke og svake lesarar.
- Nettstaden til kommunen skal ha ei eiga underside med nøkkelinformasjon på engelsk. Denne engelske nettsida skal ha tips om og lenke til verktøy for automatisk omsetting av heile nettstaden.
Nynorsk i Stavanger
Då kommunane Stavanger, Rennesøy og Finnøy slo seg saman, vart nye Stavanger kommune språknøytral etter språklova. Samtidig vart det vedtatt at tilsette står fritt til å skriva på den målforma dei ønsker.
Nynorsk ligg tett opp til talemålet til innbyggarane i Stavanger kommune. Språklova slår fast at kommunen har eit særleg ansvar for å fremma nynorsk som det minst brukte skriftspråket. Kommunestyret har gjort fleire vedtak som gjeld nynorskbruk i kommunen.
Saman med lova legg desse vedtaka føringar for språkbruksplanen. For å ta vår del av ansvaret for å fremma nynorsk bruker me somme gonger nynorsk når me vender oss til innbyggarane, sjølv om fleirtalet i kommunen bruker bokmål. (Tal frå Digitaliseringsdirektoratet i mai 2023 syner at 95 164 innbyggarar har valt å få informasjon frå det offentlege på bokmål, medan 8340 har valt å få informasjon på nynorsk.)
Tiltaka i denne planen ligg til kommuneadministrasjonen, skule- og oppvekstsektoren og kulturfeltet.
Strategiske grep
- Me skal gjera det enkelt å velja nynorsk for innbyggarane og for kommunetilsette.
- Me skal styrka nynorsk i heile kommunen ved å eksponera innbyggarane for nynorsk i kommunen sine kanalar og saksframlegg, og på kommunen sine ansvarsområde.
Kommuneadministrasjonen
Tilsette i Stavanger kommune står fritt til å skriva på den målforma dei vil. Men i enkelte kommunedelar står nynorsktradisjonen så sterkt at det vil vera naturleg å kommunisera på nynorsk.
Skal me oppnå målet om å gjera nynorsken synleg i Stavanger-samfunnet, må me i større grad eksponera innbyggarane for nynorsk i kanalar og i ulike skriv.
I nynorske skulekrinsar bør nynorsk vera meir enn eit opplæringsmål. Også utanfor klasserommet skal elevar og føresette kunna møta nynorsk som ein naturleg del av nærmiljøet.
Det er eit leiaransvar å sørga for at det skjer. Kommunen har gode verktøy for å hjelpa tilsette med å formidla på nynorsk. Slik gjer me det enkelt å vera nynorskbrukar i kommunen
Tiltak
- I skjemaløysinga til kommunen skal innbyggarane kunna velja målform.
- Eit utval standardinformasjon skal finnast på både nynorsk og bokmål.
- Minst ti prosent av nyheitssakene på intranett og internett skal vera på nynorsk. Det same gjeld for hovudkanalane i sosiale medium.
- Språkprofilen skal finnast på både nynorsk og bokmål.
- Rettleiaren om språk i stillingsutlysingar skal finnast på både bokmål og nynorsk. Nynorskversjonen skal ha eit eige kapittel med råd om utlysingar på nynorsk.
- Hovudmalane for skriv som skal ut til publikum, skal over tid finnast på både nynorsk og bokmål.
- Politiske skriv som berre gjeld Finnøy kommunedel, skal vera på nynorsk.
- Eigenprodusert innhald i publikumskanalane til innbyggartorga i Finnøy og Rennesøy kommunedelar skal vera på nynorsk.
Skule og oppvekst
Kommunen sitt mål er å gjera dei unge til trygge nynorskbrukarar i skulen. Me vil sørga for gode nynorske språkmiljø allereie frå barnehagen av.
Nokre av tiltaka for å oppnå dette er alt vedtatt av politikarane i Stavanger, andre er me forplikta til gjennom opplæringslova.
Alle barn lærer nynorsk i skulen. Eit mindretal av grunnskulane i Stavanger kommune har nynorsk som hovudmålform.
Opplæringslova sikrar at elevar som har rett på anna språkopplæring, får tilbod om dette.
Tiltak
- Det skal vera enkelt for foreldre å finna informasjon om og bli rettleia i val av målform i skulen.
- Kommunale barnehagar i nynorske skulekrinsar bør
- bruka nynorsk i generell informasjon til føresette
- sørga for god balanse mellom tekstar på nynorsk og bokmål i det daglege livet med ungane
- Stillingar ved skular som har nynorsk som hovudmål, skal lysast ut på nynorsk. I utlysinga skal det gjerast tydeleg at målforma er eit spesielt satsings- og ansvarsområde for skulen.
- Når kommunen publiserer informasjon på skulane sine nettsider, skal minst ti prosent av informasjonen vera på nynorsk.
Kulturfeltet
Det er på kulturfeltet at me har høve til å nå ut til fleirtalet av innbyggarane i kommunen.
Filialane av Sølvberget bibliotek og kulturhus er kommunale arenaer der språk vert formidla og stilt ut. Ordningar i biblioteksektoren er med på å sikra eit breitt tilfang av verk av forfattarar som skriv på nynorsk.
Kiellandsenteret står i ei særstilling på Sølvberget. Senteret har formidlingsopplegg med tekstar på nynorsk og stiller ut bøker på nynorsk i Kielland-bokhylla.
Også andre aktørar i kultursektoren er språkberarar i samfunnet. Både på musea og på små og store scener vert kulturarva formidla språkleg. Dette kan vera viktige arenaer for å gjera nynorsk synleg i kommunen.
Tiltak
- Informasjon om og frå biblioteka på Finnøy og Rennesøy vert formidla på nynorsk på www.solvberget.no.
- Forfattarbesøk vert formidla på nynorsk når forfattarane skriv på nynorsk.
- Kiellandsenteret har eit medvite forhold til å inkludera nynorskforfattarar i si formidling, særleg mot skuleklassar.
- Sølvberget vil så langt som råd skriva kvar tiande tilråding på nynorsk på heimesidene.
- Me skal gjera det kjent at aktørar som ønsker å fremma nynorsk, kan søka på tilskotsordningar for kulturfeltet
Dette betyr planen for deg
Kva betyr språkbruksplanen for deg som bur eller oppheld deg i kommunen?
Kommunen sin språkprofil set skrivestandarden
Språkprofilen skal sikra at me bruker eit klart og godt språk når me skriv til deg. Målet er at det skal vera enkelt for deg å finna og forstå det me skriv, slik at du kan bruka informasjonen til det du treng.
Nettsida til kommunen er universelt utforma
Det skal sørga for at innhaldet er tilgjengeleg for alle. Nedsett funksjonsevne eller språklege utfordringar skal ikkje hindra deg i å få informasjon frå det offentlege som du har krav på.
Stavanger er ein språknøytral kommune
Tilsette i kommunen kan sjølve velja kva målform dei vil bruka. Det betyr at du kan møta på både nynorsk og bokmål når du er i kontakt med kommunen.
Kommunen vil at nynorsken skal vera synleg for alle
Er du nynorskbrukar, skal du rett som det er finna informasjon på nynorsk. Minst ti prosent av det me produserer av nyheiter og innlegg i sosiale medium, skal vera på nynorsk. Skriv du nynorsk, skal du finna nynorskversjonar av skjema som går til kommunen.
Du skal kjenna deg heime her sjølv om du ikkje snakkar norsk
Sjølv om du bruker eit anna språk enn norsk, har du krav på å få informasjon frå det offentlege. Enkelte situasjonar tilseier at me må omsetta informasjon til det språket du bruker. Men i dei fleste tilfella må du bruka maskinomsetting for å forstå. Då skal kommunen sørga for at det vi skriv er så klart at det som er omsett gir god meining på ditt språk.
Kommunestyret har vedtatt at nynorsken skal styrkast i skule- og barnehagesektoren
Har du barn i barnehagen, vil dei tilsette bli oppmoda til å lesa høgt frå bøker på nynorsk, særleg dersom barnehagen ligg i ein nynorsk skulekrins. Har du barn i skulealder, skal kommunen gjera det enkelt for deg å finna informasjon om korleis du vel opplæringsmål for barna dine.
Føringar for språkbruksplanen
Kva planar og lover gir føringar for språkbruksplanen?
Samfunnsdelen i kommuneplanen
Samfunnsdelen av Stavanger kommune sin kommuneplan viser korleis kommunen skal utvikla seg dei neste 15 åra. Språkbruksplanen er eitt av verktøya for å oppnå målet i kommuneplanen om å gi innbyggarane gode kvardagsliv. Kommunen vil vera med og skapa gode rammer rundt innbyggarane sine liv, for å:
- sikra opplevinga av tryggleik og tilgjengelegheit for alle
- legga til rette for at alle kan delta i arbeids- og samfunnslivet
Kommunikasjonsstrategien
Språkbruksplanen bygger på kommunikasjonsstrategien for Stavanger kommune. I strategien står det mellom anna at me skal gi målgruppene tilpassa informasjon i rett kanal, og at me skal kommunisera forståeleg. Målet med kommunikasjonen er å skapa gode kvardagsliv for
innbyggarane. Strategien blei vedtatt av kommunestyret 28. mars 2022.
Organisasjonsstrategien
Organisasjonsstrategien skal bidra til å oppnå det overordna målet til kommunen, som er å levera gode tenester til innbyggarane.Kompetanse er den viktigaste ressursen Stavanger kommune har
for å oppnå dette. Kommunen må rekruttera, behalda og utvikla den kompetansen me har og treng. Evna til å skriva klart og interessa for klarspråk er ein av kompetansane kommunen vil ha behov for også i framtida.
Temaplan for biblioteka
I forslaget til temaplan for biblioteka i kommunen er eitt av måla at barn og unge skal lesa meir. Det er viktig fordi bruk av norsk skriftspråk er grunnleggande for at demokratiet vårt skal fungera. Evna til å lesa og skriva tekst er avgjerande for å kunna delta som samfunnsborgar.
Temaplan for universell utforming
I forslaget til Stavanger kommune sin temaplan for universell utforming heiter det mellom anna at digitale løysingar i kommunen skal følga prinsippa for klarspråk og universell utforming, slik at innhaldet er tilgjengeleg for alle, uansett funksjonsevne. Kommunen skal såleis legga til rette for likeverdig deltaking i samfunnet for alle innbyggarane gjennom å kommunisera på eit klart og godt språk.
Forvaltningslova
Forvaltningslova inneheld reglar for saksbehandlinga som skjer i forvaltninga. Lova skal mellom anna sikra at saksbehandlinga går føre seg slik at avgjerdene blir riktigast mogleg, og at bestemde omsyn og interesser blir varetekne under saksbehandlingsprosessen. Viktige prinsipp her er rettstryggleik, partsoffentlegheit, teieplikt og habilitet. Lova definerer kva som er eit enkeltvedtak, og gir bestemde reglar for klagetilgang. Forvaltningslova peikar òg på at forvaltningsorgana har plikt til å rettleia.
Lova om likestilling og forbod mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringslova)
Formålet med likestillings- og diskrimineringslova er å fremma likestilling og hindra diskriminering. Med likestilling siktar ein til likeverd, like moglegheiter og like rettar. At informasjon er tilgjengeleg og tilrettelagt, er viktige føresetnadar for likestilling. Lova slår òg fast at offentleg sektor har ei såkalla forsterka likestillingsplikt. Plikta pålegg offentleg sektor å jobba aktivt for likestilling og mot diskriminering i heile si verksemd.
Offentleglova
Formålet med offentleglova er å legga til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig. Hovudprinsippet er at dokument i forvaltinga er offentlege så langt anna ikkje følger av lov eller forskrift.
Opplæringslova
Opplæringslova handlar om rettar og plikter knytte til opplæring og skulegang i Noreg. Fleire av kapitla i lova handlar om språkopplæring. Lova sikrar at føresette kan velja målform i lærebøkene for barna sine fram til 7. trinn. Etter det er det elevane sjølve som vel opplæringsmål. Er det fleire enn ti elevar på eit årstrinn som ønsker eit anna opplæringsmål enn det kommunen har bestemt, seier opplæringslova at skulen skal tilby ein eigen klasse for desse elevane.
Kommunelova
Kommunelova § 4 seier: «Kommuner og fylkeskommuner skal aktivt informere om egen virksomhet og om virksomhet som andre rettssubjekter utfører på vegne av kommuner og fylkeskommuner. De skal også legge til rette for at alle kan få tilgang til slik informasjon»