Planen vart vedteken av Stavanger kommunestyre 31. mai 2021.
Temaplan for klima og miljø i landbruket
Temaplan for klima og miljø i landbruket beskriv tiltak som landbruket og kommunen skal gjere for å redusere landbruket sitt klima – og miljøavtrykk, redusere matsvinn og knytte matprodusentar og forbrukarar tettare saman.
1. Planbearbeiding
2. Endelig behandling
Planen vart vedteken av Stavanger kommunestyre 31. mai 2021.
Kvifor ein temaplan om landbruk i Stavanger?
Stavanger er ein stor landbrukskommune, med eit aktivt jordbruk, mange husdyr og veksthus fulle av tomater ute på øyane.
Kva inneheld planen?
Første del av planen beskriv landbruket i kommunen, og moglegheitene hos aktørane i landbruket til å bidra til å løyse klima- og naturkrisa vi står i.
I nokre tilfelle vil landbruket skade naturen, som når sprøytemiddel og næringsstoff går tapt frå åker og eng og havnar i overgjødsla innsjøar. I andre tilfelle tek landbruket vare på vakre og sjeldne landskap, som når sauen beitar kystlyngheia på Rennesøy.
Planen peikar mellom anna på dei store klimagassutsleppa vi får ved dyrking og nedbygging av myr, og ved forbrenning av fossilgass til oppvarming av veksthusa. Ettersom kommunen vår både har eit stort overskot av husdyrgjødsel og mange veksthus å varme opp, er det avgjerande å få realisert eitt eller fleire biogassanlegg i kommunen.
Jordhelse er òg ein viktig del av planen. Vi må ta vare på jordlivet og jordstrukturen for å få gode avlingar, hindre avrenning til vassdrag, og redusere utslepp av lystgass og metan. Slik kan god agronomi gå hand i hand med tiltak for miljøet.
Andre del av planen er handlingsdelen , i tabellform. Her konkretiserer vi kven som har ansvar for å gjennomføre tiltaka, og peikar på korleis dei ulike tiltaka kan finansierast.
Tiltaka i planen skal:
- Redusere utslepp av klimagasser fra fossile og biogene kilder
- Styrka biologisk mangfald i landbruksområda
- Gi reine vatn og vassdrag
- Gi mindre avfall og miljøgifter
- Styrka forbrukarmakt, meir lokal mat og meir økologisk landbruk