1. Stavanger2025
  2. Nyheter
  3. Bli med på eit unikt forskingsprosjekt om byjubileet Stavanger 2025!
Stavanger museum, utstilling Stavanger 2025.

Bli med på eit unikt forskingsprosjekt om byjubileet Stavanger 2025!

Ønskjer du å vera del av eit forskingsprosjekt med utgangspunkt i byjubileet Stavanger 2025? Nå kan du søka på to stipendiatstillingar i eit heilt nytt og unikt forskingsprosjekt ved Universitetet i Stavanger.
Publisert : 15.06.2023
Av : Birk Florian Fischer Magnussen, kommunikasjonsavdelingen

By- og regionsidentitet og store feiringar

For å utvida kunnskapsgrunnlaget om verknaden av storslåtte feiringar, har Stavanger 2025 og Universitetet i Stavanger v/institutt for medie- og samfunnskunnskapsskap inngått eit samarbeid om forsking.

Stipendiatane skal forska på by- og regionsidentitet og kunstforståinga som ligg til grunn for store feiringar, med utgangspunkt i 900-årsjubileet.

Hausten 2023 og 2024 vil Stavanger 2025 også lysa ut masterstipend til studentar som ønskjer å forska på jubileumsrelatert tematikk.

Nøgd forskingssjef

Stavanger 2025, 900-årsjubileet til byen, domkirka og bispedømmet, skal styrkja identitet og tilhøyrsel blant innbyggjarane til stavangerregionen. Jubileumsfeiringa skal vera eit løft for lokalt kultur- og næringsliv. Også for forsking, som Stavanger kommune satsar stort på.

Forskingssjef Ståle Opedal i Stavanger kommune er svært godt nøgd med at dette forskingssamarbeidet falt fint på plass.

– Dette er eit glimrande døme på korleis kommunen kan jobba proaktivt for å få i gang forsking. Me har eit forskingsbehov, inngår samarbeid med eit sterkt forskingsmiljø, og får til eit økonomisk spleiselag mellom kommunen og UiS. Dette er så absolutt eit føredøme, seier forskingssjef Opedal.

Forskingssamarbeidet blei lansert tidlegare i vår under ei markering på Universitetet i Stavanger. Dette og meir informasjon om forskingssamarbeidet kan du lesa meir om her:

Stavanger 2025 og UiS lanserer unikt forskningssamarbeid | Stavanger2025

Stipendiatstillingane er samfinansierte av Stavanger 2025, seksjon for forsking og Universitetet i Stavanger.

Sjå stillingsutlysingane, les meir om prosjektet, og søk på stipendiatstillingane her:

Kontaktinformasjon

Rådgiver for Stavanger 2025 og kultur, Stian

Stian Kristensen

rådgiver kultur og Stavanger 2025.

Litteratur, scenekunst, film

Telefon:
458 59 286
E-post:
stian.kristensen@stavanger.kommune.no
Prosjektleder Stavanger 2025, Lena Antonius

Lena Antonius

prosjektleder Stavanger 2025

Mobil:
948 36 022
Telefon:
51 50 74 08
E-post:
lena.antonius@stavanger.kommune.no