Kunst der folk er
Prosjektet Kunst i uterom 2025 er ein del av kommunen si eiga kunstsatsing til Stavanger sitt 900-årsjubileum. I haust vart det søkt etter kunstkonsulent til prosjektet. Kurator-duoen Koffi & Højgaard, med Ida Højgaard Thjømøe og Pauline Koffi Vandet, fekk oppdraget.
– Pleier ein å bada i Mosvatnet om sommaren?, spør Koffi.
Det er hennar første besøk i Stavanger og alt blir sett med nye auge. Kuratorduoen har fast base i København, det er også Koffi sin heimby. Højgaard er frå Sokndal. Dei er på befaring med Marie Midttun Skretting, som er prosjektleiar for Kunst i uterom 2025 i Stavanger kommune.
– Nei, men det er populært å gå på skeiser her om vinteren, svarar Skretting.
Lite kunst på Våland
Det bles godt over kulverten ved Mosvatnet denne vinterdagen. Strekket er goldt og vêrutsett. Frå kulverten er det klar sikt til Ullandhaugtårnet.
– Området for kunstprosjektet er valt uavhengig av jubileet sine pilarar, som jo er domkyrkja, Pedersgata og Ullandhaugtårnet. Men prosjektet passar veldig bra inn i jubileumspilarane. Det har lenge vore snakka om å få til ei kunstakse frå Kannikhøgda, gjennom Mosvannsparken og opp til Ullandhaugtårnet. Målet er å trekka kunst ut av sentrum, mellom anna for å vera meir i dialog med dei institusjonane som ligg her, seier Skretting.
Kunstprosjektet, som skal gjennomførast i perioden 2025-2026, har eit budsjett på 9 millionar kroner.
– Det er lite kunst i Vålandsområdet. Vi ønskjer å leggja til rette for kunstopplevingar der folk er, og Mosvatnet er eit treffpunkt for heile byen, seier Skretting.
Her går folk tur, slår av ein prat, joggar ein runde eller to eller syklar til og frå jobb.
Koffi & Højgaard si første oppgåve blir å laga ein kunstplan. Den skal utviklast i samarbeid med kunstkomiteen, som består av representantar frå det visuelle kunstfeltet i kommunen og andre relevante, interne fagavdelingar.
Tilgjengeleg kunst
Kunstkonsulentane har fått eit tydeleg mandat: Kunsten i prosjektet skal famna breitt, både i form av permanente og mellombelse verk. Både lokale og internasjonale kunstnarar kan bidra, og kunsten skal vera tilgjengeleg for alle i Stavanger.
Men først må Koffi & Højgaard bli kjende med områda som planen omfattar.
– Vi ønskjer å fremma sosialt engasjement gjennom kunst i offentlege rom. Den største utfordringa med eit kunstprosjekt på eit så stort område blir kanskje å gjera kunsten synleg og tilgjengeleg nok, seier Højgaard.
– Det blir også spennande å sjå kor mange forskjellige interesser som melder seg. Vi skal snakka med mange ulike kunstformer og samtidig skapa ei heilheitskjensle, legg Koffi til.
Turen går vidare frå kulverten og ned til Mosvatnet transformatorstasjon, som blir beundra for dei parallelle vindauga, som gjer at ein kan sjå rett gjennom den staselege stasjonen.
Koffi & Højgaard skal i løpet av våren bli betre kjende med området, innbyggjarane og det lokale kunstmiljøet. I mai skal dei presentera ein plan for gjennomføringa av kunstprosjektet.
– Dersom kunstkomiteen godkjenner planen, kan dei første oppdraga bli sett i gang kort tid deretter, seier Skretting.
Kontaktinformasjon
Marie Midttun Skretting
rådgiver
prosjektleder, kunst i uterom 2025
- Mobil:
- 477 87 281
- E-post:
- marie.midttun.skretting@stavanger.kommune.no