Stavanger 2025 får medarrangørar
I 2025 er Stavanger 900 år. Jubileet skal byggje identitet og fellesskap, gjere Stavangerregionen meir attraktiv, og bidra til utvikling i kommunedelane.
Stavanger kommune er hovudarrangør for jubileet, og no blir Den norske kyrkja og Universitetet i Stavanger med i arbeidet. Medarrangørane får innverknad på kva jubileumsåret skal innehalde, og skal i tida fram mot 2025 vere med og løfte aktuelle satsingsområde og problemstillingar i fellesskap.
— Tre jubilé - éi stor feiring
— Byen, domkyrkja og Stavanger bispedømme er 900 år samtidig. Gjennom dette samarbeidet, blir tre jubilé til éi stor feiring. Kyrkja og universitetet har eit regionalt nedslagsfelt, og er spesielt viktige for nokre av hovudelementa i byjubileet. Det handlar om domkyrkja, som Stavanger er bygd rundt, og kunnskap og kompetanse til å møte den grøne omstillinga som Stavanger no går i møte, fastslår ordførar Kari Nessa Nordtun.
Ho legg til at kommunen allereie har eit tett samarbeid med kyrkja og UiS, mellom anna gjennom restaureringa av domkyrkja.
— Leite etter fortsetjinga
Stavanger kommune skal framover jobbe tett med kyrkjeverja, som har ansvar for domkyrkja og mellomalderkyrkjene i Stavanger, med Stavanger bispedømme og med Domkirken og St. Petri menighet.
— Jubileet plasserer oss i ei ubrote historie av trua til menneske, svik og håp. Vi må leite saman etter fortsetjinga. Legg øyret inntil ei søyle i katedralen og høyr stemmene. Alltid kviskrar dei om livet, kjærleiken og døden. Kva vil søylene ein gong fortelje om oss, og til kven? Forteljinga om byen og kyrkja er uløyseleg knytt saman. Samarbeidet rundt jubileet vil ikkje berre krinse rundt historia vår, men òg om kva rolle religion, tru og kyrkje vil ha for identitet og samfunn i framtida, forklarer biskop Anne Lise Ådnøy.
Utvikling av studentbyen
Samarbeidet med UiS vil krinse rundt omstilling for å møte utfordringane i framtida, og skal bidra til å utvikle Stavanger som studentby.
— Universitetet i Stavanger er opptekne av å leggje til rette for møteplassar for meiningsbrytning, kunnskapsdeling og kunstnarisk utvikling. Derfor gler vi oss til å vere med å arrangere Stavanger sitt jubilé. Vi skal markere den tradisjonsrike fortida vår, feire ein levande by i ein internasjonal region og ikkje minst belyse korleis vi kan bidra å løyse utfordringane framover, for ei meir berekraftig samfunnsutvikling og nye måtar å forvalte ressursar på, seier rektor Klaus Mohn.