Sau på beite foran steingard og høye, gamle trær i silhuett mot blå himmel

Stavanger sine kulturlandskap

NB! UNDER UTARBEIDING. Stavanger er rikt på kulturlandskap! Menneske har gjennom mange hundre år påverka og forma landskapet kring seg med jord- og skogbruk, busetnad, transport og utvinning av råstoff og energi. Kort sagt: Med all sin aktivitet. Kulturlandskapa i Stavanger har kvalitetar og verdiar som er vesentlege for vår oppleving av stadskarakter og historisk identitetskjensle. Her kan du lese om dei ulike kulturlandskapstypane som er framtredande i vår kommune, om kva for utfordringar vi har med å ivareta dei, og om verkemidler vi har, eller ynskjer oss å etablere, for å forvalte kulturlandskapa best mogleg.

Oppdatert : 30.05.2023

Skildringar av dei ulike landskapstypane

Gamle tradisjonelle driftsformer har bidratt sterkt til variasjonen i typar av kulturlandskap. Naturbeitemark og kystlynghei er naturtypane som dominerer i Stavanger.

Kystlynghei

Kystlyngheiene er av dei eldste typane kulturlandskap vi har. Langvarig drift med beite, og mange stader lyngbrenning og lyngslått, har forma kystlyngheiene. Kystlyngheier er heiprega og i hovudsak trelause område langs kysten, dominert av små buskar, særleg røsslyng. I Noreg finst kystlyngheier langs ei strekning på 1200 kilometer. 90 % av dei tidlegare kystlyngheiareala i Noreg er borte. Dei norske kystlyngheiene er viktige for den totale variasjonen innanfor denne naturtypen i Europa. Noreg har derfor eit internasjonalt ansvar for å ta vare på eit representativt utval av kystlyngheiene våre. Dei mest verdfulle kystlyngheiene fekk status som utvald naturtype i 2015. I Stavanger finn vi mange område med kystlynghei, og dette er ein av dei vanligaste naturtypane i kommunen. Fleire av områda er prega av gjengroing i dag.

Liten holme med lynghei og berg.
Lynghei på Norheimsøya. Foto: Byantikvaren

Naturbeitemark

Naturbeitemark er grasmark med langvarig hevd i form av husdyrbeite. Dei er ikkje dyrka og har inga eller lita grad av gjødsling. Du finner mange av dei samme artene som i slåtteengene, men naturbeitemarka har likevel ei litt anna utforming. Dette heng samen med korleis husdyra beiter, påvirkningen av tråkk og effekten av den naturlige tilførsla av husdyrgjødsel. Naturbeitemarkene er gjerne litt meir tuete og steinete enn slåttemark.  Naturbeitemark er viktig levestad for mange raudlista artar, og naturtypen er i sterk tilbakegang. I Stavanger finn vi naturtypen naturbeitemark fyrst og framst på øyane, men òg mindre område på fastlandet.

Torvmyr

Uthentinga av torv frå myr til brensel kaltes torving, og er kjent helt fra sagatiden. Torv ble brukt til brensel i Noreg heilt fram til 1950-åra, da elektrisitet og oljefyring kom for fullt. I tidligare tider har torv òg vore nytta som byggemateriale for boligar og uthus, bland anna som taktekking.

Haustingsskog og styvingstre

Haustingsskog er lauvskog der trea har vore hausta/lauva jamt i form av «styving» eller «stubbehausting». Dette er ei gammal driftsform, og haustingsskogane representerer både biologiske og kulturhistoriske verdiar.

Trær med tjukke stammer og tynne greiner på en grønn bakkekant, i silhuett mot fjordlandskap og lettskyet himmel.
Styvingstrær på Berge på Finnøy. Foto: Gro Karin Hettervik

Hagar, parkar og bytre

Utdrag frå Forvaltningsplan for bytrær: På samme måte som bygninger, representerer trær den tidsepoken de er plantet i. Man kan derfor også betegne dem som levende kulturminner.

Spesielt i villahager i trehusbyen finner vi fremdeles en del eksotiske trær som var «på moten» i tidsperioden husene ble bygd, f.eks. blodbøk, sypress eller apeskrekk. Trærne understreker dermed den historiske bebyggelsen og harmonerer med den.

Tradisjonelt har det alltid vært mer vekt på bevaring av gamle bygg enn den tilhørende hagen, selv om trær kan være like pregende for nærmiljøet og potensielt oppnå en høy levealder. Mange trær som ble plantet samtidig med bygget for mange tiår siden, har først nå oppnådd en fasong og størrelse, som gjør dem til verdifulle og pregende elementer i bybildet. Det er veldig få historiske hager i Stavanger som er bevart i sin opprinnelige form, men en del trær har klart å overleve. Disse trærne skal bevares så langt som mulig. Selv om de bare er en rest av et tidligere anlegg forteller de noe om stedets betydning eller fortid. Et gammelt tre kan for eksempel være et tidligere tuntre eller en del av en allé som har ført til et viktig bygg.

Typisk for gatebildet i Stavanger er trerekker med knutekollete trær. Trærne er da beskåret på en måte som gjør at de utvikler såkalte «knuter» rundt beskjæringssårene. De nye skuddene som vokser ut av disse knutene skjæres jevnlig tilbake. På denne måten holdes kroneveksten i sjakk og det blir mulig å ha treslag som med naturlig voksemåte utvikler store og brede kroner, også i smale gater. I Stavanger er det hovedsakelig lind som beskjæres på denne måten, men også andre treslag, som for eksempel alm.

Den europeiske landskapskonvensjonen

Hausten 2001 slutta Noreg seg til den europeiske landskapskonvensjonen som stadfester landskap som ein viktig faktor for livskvalitet. Hovudintensjonen i konvensjonen er å ivareta av landskap gjennom vern og forvaltning, og konvensjonen gjeld alle typar landskap frå urørt natur til reine bylandskap. Viktige tema i konvensjonen er mellom anna menneska si oppleving og verdsetjing av landskap, landskapet si rolle for identitetskjensla, og folk si moglegheit for å påverke arealforvaltninga.

Utpeikte kulturlandskapsområde i Stavanger

Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap

Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap blei gjennomførd på byrjinga av 1990-talet. I Stavanger inngår områda Hodnefjell - Dale - Vikefjell, Helland - Bø og Resnes ved Hålandsvatnet i registreringa. Varierte og rike kulturmarker, kystlynghei, kulturminne og sjelden flora og fauna var av betydning for at dei vart valde.

Grått kartutsnitt med et område sør for Hålandsvatnet martkert med gul skravur.
Verdifullt kulturlandskap ved Hålandsvatnet i Stavanger, fra arbeidet med nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.

Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL)

Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL, frå 2009) er ei tverrfagleg, felles satsing mellom Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Frå 2023 er 51 område frå heile landet med. I Stavanger kommune er deler av Rennesøy kommunedel tatt inn i ordninga, som gjer at grunneigarar kan søkje om tilskot, som landbruksavdelinga i kommunen forvaltar. Stavanger kommune fekk ansvaret for forvaltninga av UKL-områda frå 2020. Innanfor UKL-områda skal areala drivast etter godkjende skjøtselsplanar og grunneigaravtalar.

UKL-Rennesøy er 5 400 dekar stort og består av tre område: Hodne - Sel - Dale, Førsvoll - Austbøheia og Helland - Bø. Områda har eit variert og flott kulturlandskap, der kystlynghei dominerer. Områda har få tekniske inngrep i utmarka, stort og variert naturmangfald, mange kulturminne og eit godt tilrettelagd tilbod for friluftsliv. Av 480 planteartar i skråningane på Dale er mange trua og sjeldne. Fem av disse planteartane finst ikkje andre stader i landet.

Et grått kart over Rennesøy, der tre felt er skravert med gulbrun farge.
Utvalgte kulturlandskap på Rennesøy

Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA)

Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA frå 2022) er Riksantikvaren si oversikt over landskap dei er spesielt opptekne av at vi tek godt vare på.

Riksantikvaren sitt info-ark om KULA gjer klart:

Landskapet har alltid vore i endring, men nå skjer endringane raskare enn nokon gong. Då er det større fare for at viktige landskapsverdiar går tapt. Vi treng difor kunnskap om landskap, kva verdiar dei inneheld og kva som skal til for å ta vare på dei og utvikle dei vidare. Når nye hovudvegar skal byggjast, vindmøller reisast eller kraftliner førast fram, er det viktig at ein har kartlagt nasjonalt viktige landskap slik at desse ikkje vert øydelagde av slike store utbyggingar.

Riksantikvaren har ansvar for å medverke til at dei kulturhistoriske verdiane i landskapet vert tekne vare på. Klima- og miljødepartementet har bede Riksantikvaren om å lage eit landsomfattande oversyn over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse. Det er dette som skal verte KULA-registeret. Landskapa som vert valde ut, skal saman vise mangfaldet i historia vår – korleis menneske har levd i og brukt landskapet, kva som har skjedd der og kva spor frå tidlegare tider som finst der.

Landskap gjev mange opplevingar. Ofte er det dei menneskeskapte spora som gjer landskapet ekstra spanande. Dei bidreg til lokalt særpreg og gjev grunnlag for verdiskaping og utvikling. Landskap kan vere grunnlag for økonomisk verksemd til dømes gjennom turisme og landbruksnæring. Eit landskap med store verdiar kan òg vere med å gjere eit område meir attraktivt som bustad og reisemål.

KULA-registeret er ikkje ein verneplan og landskapa vert ikkje freda eller verna ved at dei vert med. KULA er eit signal om at det er viktig å ta omsyn til verdiane, og skal vere eit kunnskapsgrunnlag som kommunane og andre etatar kan bruke i arealplanlegginga si. Det er viktig at landskapa framleis er i bruk og at jorda og skogen vert driven vidare. Framhald i drift kan i mange høve vere avgjerande for å ta vare på landskapsverdiane. Ein KULA-status skal ikkje stoppe utviklinga, men bidra til ei god utvikling som varetek verdiane.

Riksantikvaren jobbar nært saman med fylkeskommunane, og Sametinget der det er aktuelt. Kommunane vert tidleg kontakta slik at vi kan informere om arbeidet, drøfte aktuelle område og få opplysningar og synspunkt. Fylkeskommunane følgjer opp med nærare kontakt med den einskilde kommune og utarbeider eit utkast til tekstar om landskapa som Riksantikvaren arbeider vidare med og sender på høyring. I løpet av høyringa ønskjer vi innspel og debatt om dei føreslegne landskapa, slik at vi får eit best mogleg register. Det ferdige registeret vil liggje i kulturminnedatabasen Askeladden.

 

Tre KULA-landskap i Stavanger kommune

Innanfor Stavanger kommune sine grenser finn vi tre KULA-landskap. Rennesøy, Sjernarøyane og eit område kring Hafrsfjord. Vi har henta tekst og bilete frå Riksantikvaren sin rapport Kulturhistoriske landskap i Rogaland, som ein kan laste ned hjå Riksantikvaren.

Sjernarøyane - Handel og kommunikasjon i fiskerbondens øylandskap

Gamle naust ved en rolig, blå fjord, med flere øyer og holmer. Nærmest, i bakken over naustene, ligger en steinrøys.
Gravrøys og naustmiljø ved Hidlesundet. Foto: Guro Skjelstad, Rogaland fylkeskommune

Stavanger kommune (Finnøy før 2020)
Areal: 43,2 km
Området ligger i landskapsregion: 21) Ytre fjordbygder på Vestlandet (Nasjonalt referansesystem for landskap – NIBIO)

KULA-landskap på Sjernarøyane

Sjernarøyene er en øygruppe helt nord i Stavanger kommune. Øyene ligger i Boknafjordbassenget, sør for tettstedet Nedstrand på fastlandet i Tysvær og henholdsvis vest og nord for de større øyene Ombo og Finnøy. Landskapet som er foreslått, består av øyene Bjergøy, Kyrkjøy, Talgje, Helgøy, Nord-Hidle, Tjul, og Aubø, samt et mylder av holmer og skjær som til sammen utgjør et særmerkt arkipelago midt i Boknafjorden.

Sjernarøyene ligger i et flott landskapsrelieff med Ryfylkefjellene som bakgrunn mot nord og øst. Det finnes spor etter jordbruksdrift tilbake til eldre bronsealder på disse øyene. Området preges av fiskerbondens småskala landbruk og kystkultur, med gårdstun og naustmiljø som innordner seg fint i det bølgende og småknausete landskapet. Vekslingen mellom skjærgård og jordbrukslandskap gir stor grad av variasjon og særpreg. Dette er bakgrunnen for at Sjernarøyene ofte karakteriseres som de vakreste øyene i Ryfylke. Lange steingarder snor seg mange steder over markene, i tillegg er steinnaust og steinbygninger også et karakteristisk trekk. Naustene ligger både enkeltvis eller mer samlet som i Lundarvågen, Eik og ved Hidlesundet. Det er flere eksempler på fint tilpassa tun med tradisjonell bygningsmasse bevart, blant annet på Tandravoll og Lund på Kyrkjøy, på Furre og Austre Bjerga på Bjergøy og på Nord Hidle.

Ryfylkes mest kjente forfatter, Alfred Hauge (1915-1986), skildrer landskapet på Sjernarøyene og menneskene her. Han vokste selv opp på Kyrkjøy innenfor den kristne lekmannsbevegelsen. Forfatterskapet skildrer sentrale tema i Ryfylkekulturen, som bedehusmiljøet og fiskerbondens trange kår.

Flere av øyene har en karakteristisk «hatteform», som er med på å skille øyene i Ryfylke fra det ytre øylandskapet og fra skjærgården ellers langs kysten. Det er berggrunnen, med blant annet glimmerskifer, i kombinasjon med harde gneisbergarter, som er bakgrunnen for de særegne landskapsformasjonene. I tillegg til de markerte høydedragene og toppene, er terrenget gjennomgående småkupert og variert, med dyrka marker mellom knausene og større innslag av beiteområder og skog. Næringsrik berggrunn og et lunt lokalklima gjør at øyene har svært artsrik vegetasjon. Klynger med lauvskog og enkeltstående lauvtrær gir et lunt og frodig preg.

Sjernarøy er i dag ikke-landfaste øyer og har gjennom historien alltid vært avhengig av sjøvegen. Kaiene, handelsstedene og ferjeleiene på øyene vitner om utviklingen av lokalrutetrafikken i Ryfylke fram til i dag. Deler av den eldre bygningsmassen på handelsstedene på Eik og Ramsvig på Kyrkjøy, og Aubøsundet på Bjergøy er bevart. Fram til 1965 var Sjernarøyene en egen kommune, og kommunesenteret for Sjernarøy herred lå på Aubø.

I perioden 1875-1900 skjedde det en betydelig utvidelse og forbedring av lokalrutenettet mellom Stavanger og Ryfylkefjordene. Sjernarøys kommunikasjon ble da åpnet mot omland og by og ble en varig del av dette rutenettet. Man kan trygt si at det lille øysamfunnet hadde en «melkerute» for lokalruteskipene, med anløpskaier på Helgøy, Talgje, Tjul, Eik, Ramsvik, Aubøsund, Nesheim og Nord-Hidle. Med bilens inntog ble øyene tilrettelagt med smale bilveger og alle øyene, med unntak av Nord-Hidle, er i dag knyttet sammen med bruer. Anløpskaiene for ferje og hurtigbåt som nå er i aktiv bruk er derfor redusert til Helgøy, Nesheim på Bjergøy og Nord-Hidle.

Den laftede rennesansekirken på Sjernarøy, fra 1636, bygget på et kirkested fra middelalderen, er et verdifullt og iøynefallende kulturminne. Den ligger fremtredende og åpent til på gården Eik på Kyrkjøy, med vid utsikt over øylandskapet mot øst og mot sør. Kirken og beliggenheten vitner om politisk, religiøs og økonomisk makt. På høydedraget nord for kirka, ligger et forhistorisk gravfelt med flere monumentale gravminner. Langs sund og på nes finnes også flere enkeltliggende gravrøyser med store dimensjoner. Gravene og gravfeltenes størrelse og plassering vitner om maktforhold og kommunikasjon sjøvegen, langt tilbake i tid.

Kvernsteinsbruddet på Nord-Talgje var i bruk i perioden omkring 1100 -1600 og fremstår som et imponerende kulturminne, med en mengde synlige spor etter uttak av emner til håndkverner og større vasskverner, langs svabergene på sørsiden av øya. Noe lenger vest for kvernsteinsbruddet, finnes også flere marmorbrudd som var i bruk fra slutten av 1800-tallet og fram til 1960. Flere av disse bruddene, og utskipingshavnen i Rossmorkvågen, er synlige i dag. Marmoren ble i starten fraktet til utlandet i større båter, og senere med småbåter til Stavanger.

De vakre Sjernarøyene har lenge vært et populært utfartsområde for ferierende båt- og hytteturister. Det var særlig ved dampskipenes inntog, fra midten av 1800-tallet, at Ryfylke for alvor ble et reisemål. Turisme er en del av Sjernarøys historie og identitet, og er i dag en viktig næring for øygruppen. Dette har ført til at flere områder er etablert med hyttebebyggelse og båtmarinaer.

Øygruppen midt i Boknafjordbassenget består av flere større og mindre øyer og et mylder av holmer og skjær som tilsammen danner en særmerkt arkipelago. Berggrunnen har gitt flere av øyene en karakteristisk «hatteform». Terrenget kan karakteriseres som småkupert og variert med markerte høydedrag og topper. Mellom knausene er det dyrka mark, med innslag av beiteområder og skog. Øyene har et frodig preg og stor artsrikdom i vegetasjonen, som skyldes næringsrik berggrunn og lunt lokalklima. Lange steingarder snor seg mange steder over markene. Tun, naust, båtstøer og kaianlegg er synlige spor etter jordbruksdrift i kombinasjon med fiske, handel og kommunikasjon i øyriket. Deler av landskapet er preget av moderne utbygging, særlig til fritidsbebyggelse.

Den nasjonale interessen i dette landskapet ligger særlig i bevarte kaianlegg, ferjeleier og handelssteder, fint tilpassa tun og naustmiljø, i et særmerkt øyrike med vakkert jordbrukslandskap. Øylandskapet gir et godt bilde av samferdselshistorie i Rogaland og lokalrutetrafikkens utvikling. Kai, ferjeleier og naust vitner om båttransport og kontaktlinjer sjøvegen. Øyene er rike på fornminner, og flere steder er gravrøysene godt synlige på nes og langs sund i landskapet. De viser en lang historie om makt og betydningen av kommunikasjon sjøvegen. Sammenhengen og helheten i det småskala øylandskapet er i stor grad bevart.

Vestre del av Nord-Talgje, inkludert steinbruddene, er verna som naturreservat. Det er også Lundarssøyla, et mindre område på Eikåsen på Kyrkjøy og Nesheim på Bjergøy. Nordheimsøy og Lamholmen er freda som sjøfuglreservat. Fredningsforskriftene og forvaltningsplanene gjelder til enhver tid for de freda områdene. Det er Stavanger kommune som har forvaltningsansvaret her.

Landskapet er sårbart for nye store tiltak som vil bryte opp sammenhengene og helheten i det småskala jordbrukslandskapet. Det er også sårbart for gjengroing. Turisme er en viktig del av Sjernarøys historie og identitet, samtidig som det representerer en utfordring knyttet til utbyggingspress.

KULA-landskapet bør vises i kommuneplanens arealdel som hensynssone c) med særlig hensyn til landskap. Det bør utarbeides retningslinjer til hensynssonen samt generelle bestemmelser til kommuneplanens arealdel for å ivareta verdiene og sette rammer for arealbruken.

Viktige punkter for planlegging og forvaltning av dette landskapet:

  • Nye utbyggingsområder, f.eks. til bolig-, båt-, fritids- og hyttebebyggelse, bør plasseres i områder som allerede er preget av utbygging.
  • Ved planlegging av alle større tiltak bør tilpasning til landskap og kulturmiljø vektlegges.
  • Utbygging knyttet til båt-, fritids- og hyttebebyggelse bør legges i tilknytning til eksisterende anlegg og tilpasses det helhetlige kulturlandskapet i størrelse, plassering og utforming.
  • Fortsatt landbruksdrift og beite er avgjørende for å hindre at landskapet gror igjen.
  • Steingarder og andre kulturlandskapstrekk bør søkes bevart.
  • Større planerings- og massefyllingstiltak som vil endre landskapets karakter og påvirke det helhetlige landskapsbildet bør unngås.

Kart med grense for KULA-området markert
KULA-området Sjernarøyane

Ferga Sjernarøy på ein blå fjord, under blå himmel, med grøne, knausete øyer og holmar, med fjell lengst bak.
Utsikt fra Nord-Hidle mot Bjergøy. Foto: Guro Skjelstad, Rogaland fylkeskommune

 

Rennesøy - Jordbruks- og fiskerlandskap i historisk viktig lei

Beitemark med gravrøyser i forgrunnen, naust, moloer og steingarder, mot blå fjord og bratt landskap over fjorden. Blek himmel.
Gravfelt og naustmiljø på Mosterøy. Foto: Angunn Skeiseid, Rogaland fylkeskommune

Stavanger kommune (Rennesøy før 2020)
Areal: 62 km
Området ligger i landskapsregion: 20) Kystbygdene på Vestlandet og 21) Ytre fjordbygder på Vestlandet (Nasjonalt referansesystem for landskap – NIBIO)

KULA-landskap på Rennesøy

Landskapet ligger ved innseglingen til Boknafjordbassenget. Det omfatter øyene Fjøløy og Mosterøy, med deler av Askje, i tillegg til store deler av selve Rennesøy. Klosterøy, med Utstein freda kulturmiljø, er et sentralt område i dette landskapet, og vil omtales her. Ettersom det er et fredet kulturmiljø etter kulturminnelovens § 20, inngår ikke selve Klosterøya i KULA-området.

Rennesøy med øyene Mosterøy, Klosterøy og Fjøløy utgjør et vakkert og frodig jordbruks- og fiskerlandskap med stor tidsdybde. Landskapet er kontrastfullt og variert. Mastrafjorden løper mellom Rennesøy i nord og de mindre øyene.

Mot sørøst på den langstrakte Rennesøy ligger det karakteristiske Rennesøyhornet (234 moh) som er synlig over store avstander i Ryfylke. Den frodige og særegne brattkanten fra de sentrale lyngheiområdene på Rennesøy og ned til Mastrafjorden mot sør, står i sterk kontrast til den flate kystlinjen og sammenhengende dyrka marker på andre siden av Mastrafjorden. Også på nordsiden av Rennesøy er kystlinjen flat og «renner» nærmest ut i sjøen, og er dominert av dyrka areal. Her bryter E39 gjennom jordbrukslandskapet og skiller strandsonen fra den tilhørende gårdsbebyggelsen. på høydedragene på Rennesøy og på Mastravarden på Mosterøy finnes større innslag av kulturbeite, skogteiger og til dels sammenhengende lyngheiområder. Øylandskapet kan ellers karakteriseres som småkupert, men med flere markante landskapsstrukturer, deriblant Mastravarden som er Mosterøys høyeste punkt. Klosterøy og Fjøløy har flere karakteristiske mindre topper.

Øyene har stor variasjon i fjellgrunnen, fra næringsrik glimmerskifer til næringsfattig grunnfjell og sammen med gunstig klima har dette gitt seg utslag i en rik og variert vegetasjon. Trolig har også handelsvirksomheten som har foregått på Utstein kloster hatt betydning for dette mangfoldet, ved at nye planter ble innført. Den karakteristiske flate og kantete steinen som det finnes så mye av på disse øyene, er god til å bygge med. Lange, markerte steingarder og et stort antall bevarte piggsteinsgjerder er derfor karakteristiske innslag. Den spesielle berggrunnen gjenspeiles også i byggeskikken med en utstrakt bruk av tørrmurer i vegger og støttemurer. Gode eksempler finnes blant annet på Førsvoll og på Helland med flere stående bygninger. Mange steder står bare murene igjen i landskapet.

Øyene ligger strategisk til i grensen mellom åpent hav og innseglingen til fjordlandskapet innafor. Mastrafjorden har vært en viktig skipslei. Det er derfor ikke tilfeldig at landets best bevarte klosteranlegg, Utstein kloster, ligger ved innseglingen fra nord. Her kontrollerte man både leia langs nordvegen, innseilingen til Stavanger og til Ryfylkefjordene. Klostervågen, som i dag er svært grunn, var i tidligere perioder en ideell havn. Da Harald Hårfagre vant slaget i  Hafrsfjord, tok han residens på høvdingsetet Utstein. Benediktinermunkene i Stavanger overtok Utstein på slutten av 1200-tallet.

Den strategiske betydningen området har hatt opp gjennom historien gjenspeiles også i fortet på Fjøløy, sør for Klosterøya. Fortet ble etablert av tyskerne under andre verdenskrig og skulle, sammen med batteriene på Randaberg og Kvitsøy, forsvare innseilingen til Stavanger. I dag forteller anlegget også om Sjøforsvarets satsning rundt Stavanger etter annen verdenskrig. Her finnes krigsminner og forsvarshistorie i et vakkert og særegent beitelandskap.

Øyenes sentrale beliggenhet i forhold til viktige kommunikasjonslinjer, og det fruktbare jordsmonnet, har gitt grunnlag for rikdom og makt over lang tid. Dette gjenspeiles i at tidligere Rennesøy kommune hadde størst tetthet av registrerte fornminner i landet. Området hører også til de eldste lyngheilandskapene i Norge. Mange av fornminnene, som gravrøyser og -hauger, er plassert på særlig synlige steder i terrenget, mange ved skipsleia og ved ankringsplasser. På høyden mellom Vikevåg og Bjerga ligger flere store ødegårdsanlegg i et sammenhengende og godt bevart landskap og ytterst på det karakteristiske Rennesøyhornet ligger en bygdeborg fra eldre jernalder.

Sørbø kirke, langs den særprega kystlinjen på nordsiden av Rennesøy, vitner også om religiøse og politiske maktforhold i middelalderen. Den hvitkalka kirken er en viktig markør som gir sterk historisk forankring til landskapet. Skiferbruddet ved Ertenstein på Sørbø kan også dateres tilbake til middelalderen og har levert karakteristisk grønnlig skiferstein både til Stavanger domkirke, Utstein kloster og Sørbø kirke. Noen av de aller tidligste steinalderboplassene vi kjenner til fra lavlandet i Sør-Norge, Galtaboplassene, ligger i denne delen av landskapet. Denne pionerbosetningen gir området særlig stor tidsdybde.

Kystfisket har, ved siden av jordbruket, alltid vært en viktig næringsveg for menneskene på disse øyene. Flere godt bevarte sjøhusmiljø med brygger og båtstøer, på nordsiden av Rennesøy og langs Mastrafjorden, vitner om fiskets betydning. De tradisjonelle naustene med grunnmur av tørrmur, grindkonstruksjon og heller på taket finnes enkelte steder. Samlinger med små tufter i fjæra, både på Reianes, Klosterøy og på Fjøløy kan være spor etter storskala fiske i middelalder og kanskje jernalder. Det store antallet nausttufter fra jernalder og vikingtid i kommunen, blant dem det 28 meter lange leidangnaustet på Sørbø, kan peke mot maktforhold og organiseringen av en sjøkrigsflåte i romertid eller folkevandringstid. Under det store sildefisket fram mot midten av 1800-tallet, ble det reist flere fyr på leia mellom Stavanger og Bergen. Ett av disse fiskerfyra ble reist på Fjøløy i 1849 og er i dag et iøynefallende kulturminne i det flotte beitelandskapet rundt Fjøløy fort.

Den tradisjonelle sammenhengen mellom jordbruk og fiske er godt bevart langs Mastrafjordens nordlige bredd. Her finnes flere eldre sjøhusmiljø i god sammenheng med fint tilpassa gårdstun, både på løsmassene langs fjorden, og på høydedraget over den. Disse miljøene, sammen med de store sammenhengende arealene med kystlynghei, og spor etter nyere tids kulturminner og fornminner, utgjør et verdifullt landskap.

Selve Rennesøy, med dens høyeste punkt Rennesøyhornet i sørøst, er et markant og karakteristisk landskap med storskala virkning i fjordlandskapet. Brattkanten som stiger opp fra Mastrafjorden står i stor kontrast til fjorden og til det ellers så flate jordbrukslandskapet på nordsida av øya og på øyene mot sør. Skifrig berggrunn gir et oppsprukket og «levende» preg på fjellsidene, samtidig som den gir stor artsrikdom og frodighet. Overgangene mellom lyngheiene på toppene og i skråningene, de dyrka markene og kystlinjen gir fine kontraster. Bruken av landskapet er lett lesbar gjennom tydelige sammenhenger mellom ulike kulturmiljø, fra naust- og sjøhusmiljø, gårdsbebyggelse og dyrka marker, og til lynghei- og beitelandskapets karakteristiske steingarder, piggsteinsgjerder og mange synlige fornminner. Mastrafjorden og leia nord for Rennesøy har vært sentrale langt tilbake i tid. Den strategiske beliggenheten vises i et stort mangfold av kulturminner som vitner om maktforhold.

Øyene kan karakteriseres som et vakkert og variert jordbruks- og fiskerlandskap med stor tidsdybde. Sjøhusmiljø og gårdstun ligger i fint samspill med landskapet. Markante steingarder og særprega piggsteinsgjerder, i kombinasjon med kystlynghei og en stor mengde fornminner som vitner om rikdom og makt, gir en sterk opplevelse av historisk forankring og kontinuitet. Viktige kulturmiljø fra middelalderen, med kloster på Utstein og kirkested og skiferbrudd på Sørbø, gir en ekstra dimensjon til landskapet som et maktsentrum med strategisk stor betydning over lang tid.

Kulturmiljøet rundt Utstein kloster på Klosterøy, er fredet etter kulturminnelovens §20. Det er fredningsvedtektene for det freda området som gjelder her.

På nordvestre del av Rennesøy er et område verna som dyrefredningsområde, på land og i sjø. Dette området er ikke egna til eller tilrettelagt for friluftsliv. Bjergavatnet og Førsvollvatna er verna som naturreservater. Fredningsforskiftene for disse områdene gjelder her og det er Stavanger kommune som har forvaltningsansvaret.

Tre større områder på Rennesøy er med i den landsomfattende satsingen Utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Dette er Helland-Bø, Førsvoll-Austbøheia og Hodne-Dale-Sel. Disse områdene har høye verneverdier, blant annet i form av kystlyngheilandskap med mange spor etter tidligere tiders bruk. Satsingen er et samarbeid med brukerne i området. Det er utarbeidet egen forvaltningsplan for områdene og det tildeles årlige midler til investerings- og skjøtselstiltak som blant annet ivaretar kulturarven.

Det åpne landskapet er sårbart for høye installasjoner og bygninger som vil forstyrre den historiske lesbarheten og sammenhengene i landskapet. Det er også sårbart for gjengroing. Tettstedet Vikevåg preges i stor grad av moderne bygningsmasse og kaianlegg, nye boligfelt og tilhørende infrastruktur. Fortsatt utbygging bør i hovedsak skje i tettstedene framfor i spredtbygde områder.

KULA-området bør vises i kommuneplanens arealdel som hensynssone c) med særlig hensyn til landskap. Det bør utarbeides retningslinjer til hensynssonen samt generelle bestemmelser til kommuneplanens arealdel for å ivareta verdiene og sette rammer for arealbruken.

Viktige punkter for planlegging og forvaltning av dette landskapet:

  • Høye installasjoner og bygninger som vil forstyrre den historiske lesbarheten og sammenhengene i landskapet bør unngås.
  • Fortsatt landbruksdrift, beite og tradisjonell skjøtsel av kystlyngheiene er avgjørende for å hindre  gjengroing.
  • Nye bygninger i tilknytning til landbruksdriften bør tilpasses eksisterende tun, omgivelsene og terrenget både med hensyn til volum, materialvalg og form.
  • Verneverdig gårds-, naust, og sjøhusbebyggelse bør ivaretas.
  • Større planerings- og massefyllingstiltak som vil endre landskapets karakter og påvirke det helhetlige landskapet bør unngås.
  • Den åpne kystlinjen er særlig sårbar for nye store inngrep og anlegg som kan forstyrre opplevelsen av den historiske kystlinjen og landskapselementene som finnes her (eldre naust, kaianlegg, båtstøer med mer).

Rennesøy-kart med KULA-grense
Rennesøy-kart med KULA-grense

Grønne marker mot blå himmel med lette skyer. Karakteristisk piggsteinsgjerde går over marka, til dels i silhuett mot himmelen og fjernere landskap i bakgrunnen. Gjerdet går også over gravhaug, som ligger i silhuett mot himmelen.
Gravhaug på Bjerga på Rennesøy. Foto: Astrid H. Bjørlo, Rogaland fylkeskommune

 

Hafrsfjord - Rikssamlingens sagalandskap

Hafrsfjord i vintersolnedgang. Hustaka har et tynt lag snø, og fjorden er nærast spegelblank.
Utsikt over Hafrsfjord mot sørvest, sett fra jernaldergården på Ullandhaug. Foto: Guro Skjelstad, Rogaland fylkeskommune

Sola og Stavanger kommune
Areal: 18,7 km
Området ligger i landskapsregion: 19) Jæren og Lista (Nasjonalt referansesystem for landskap – NIBIO)

KULA-landskap ved Hafrsfjord

Hafrsfjord er en om lag ni km lang terskelfjord på Nord-Jæren, på grensa mellom Stavanger og Sola kommuner. Fjorden munner ut i Nordsjøen og Atlanterhavet i nordvest. Gjennom det smale innløpet, hører nordsiden av kystlinjen til Stavanger, mens sørsiden ligger i Sola. Fjorden utvider seg så mot øst og videre mot sør. Helt i sør grenser fjorden til Stavanger lufthavn, Sola.

Landskapet omfatter i hovedsak selve kystlinjen rundt Hafrsfjord, med øyene Hagøy, Prestøy og flere mindre holmer, samt deler av det omliggende jordbrukslandskapet. Større deler av områdene, særlig i Stavanger kommune, er utbygd nærmest ned til dagens strandlinje. I sørøstlige og vestlige del av fjorden er det i større grad bevart jordbrukslandskap med spredte gårdstun.

Selve Hafrsfjord har en svært smal munning ut mot storhavet. Når man kommer lenger inn i fjorden utvider den seg. Her finnes noen mindre øyer, holmer og skjær. De mektige løsmasseavsetningene, som sannsynligvis ble avsatt under siste istid, har gitt et næringsrikt jordsmonn og gjort området attraktivt for jordbruk.

I de aller ytterste delene av innseglingen til Hafrsfjord finnes rester av kystlynghei, mens landskapet lenger inne i fjordarmen preges av moderne landbruksdrift. Her finnes dyrka marker og beiteland ned mot fjorden. Landskapet er relativt flatt, med en del bergnabber stikkende opp i dagen, ofte skogkledde. I beitelandskapet finnes flere steder innslag av eikeskog og strandeng. Steingardene følger eiendomsgrensene ned mot kystlinjen. Kystkulturen er lett lesbar, gjennom en rekke nyere og eldre naust og naustmiljø, havner, moloer, brygger og båtopptrekk langs strandlinjene med små og store viker. Området kan oppleves fra turvegen som er bygget langs store deler av fjorden.

Slaget i Hafrsfjord er omtalt i Snorres kongesagaer og fant trolig sted en gang mellom 880 og 900 e.Kr. Haraldskvedet forteller om hvordan Harald Hårfagre møtte Østmennene i Hafrsfjord og seiret. I den nasjonale historiefortellingen, markerer Harald Hårfagres seier over kongene i Sør-Rogaland og Agder starten på rikssamlingen. Til minne om slaget i Hafrsfjord ble det i 1983 satt opp en bronseskulptur ved Møllebukta helt øst i Hafrsfjord; Sverd i fjell av Fritz Røed.

Låg-Jæren er blant de rikeste fornminneområdene i landet, noe også området rundt Hafrsfjord er tydelig preget av. De gode jordbruksforholdene, god tilgang på ressurser fra havet, og viktige kommunikasjonsveger, har lagt til rette for akkumulering av rikdom og makt gjennom store deler av forhistorien. Rike arkeologiske funn er vitnesbyrd om dette.

Hafrsfjord har hatt en strategisk plassering som en beskytta havn på den farlige skipsleia langs Jæren, like sør for det viktige Boknafjordområdet. Rundt Hafrsfjord finnes den største konsentrasjonen av nausttufter fra forhistorisk tid og middelalder som er kjent i Norge. Flere er fremdeles synlige, for eksempel på strekningen mellom Jåsund og Hogstad. De mange og til dels store naustene som har stått her, viser at fjorden var hjemmehavn for et betydelig antall skip i perioder av jernalderen.

Det er også bevart mange gravhauger, både ved innløpet, og langs hele fjorden i sin helhet. Disse ligger gjerne på godt synlige steder i landskapet. Helleristninger fra bronsealder finnes ved innløpet til fjorden, og to større felt på nordøst-siden av fjorden. Fluberget, ett av disse to, er det største helleristningsfeltet som er kjent på Jæren.

Bygdeborger er registrert på Haga, vest i fjorden, og på Myklaberget og Ytraberget sørøst i fjordarmen. Den mest kjente av bygdeborgene er Ytraberget, som ligger som en utstikker i fjorden ved Sørnesvågen. Bygdeborgen er antatt å ha vært i bruk i vikingtiden, da havet sto noe høyere enn i dag og borgen lå på en holme. Ifølge Snorre skal kong Kjotve under slaget i Hafrsfjord ha flyktet opp på en holme der det var lett å verge seg. Dette kan ha vært Ytraberget.

Langs fjorden finnes også flere bautasteiner. Flere av disse knyttes til et sagn om Erling Skjalgssons likbåre over Solahalvøya. Erling Skjalgsson var en betydelig maktperson på Jæren ved tusenårsskiftet.

Området rundt Hafrsfjord har også vært et viktig strategisk område i moderne tid. Sola lufthavn var Norges første sivile lufthavn, og i 1920 ble det etablert en sivil sjøflyhavn ved Sola Sjø, i sørvestlige del av Hafrsfjord. Området ble videreutviklet av okkupasjonsmakten under andre verdenskrig. Betongdekket og flere hangarer er i dag intakt.

Hafrsfjord er en ni km lang terskelfjord som kjennetegnes av et smalt innløp med en stor og grunn beskytta havbukt innenfor. De ytre delene av innseglingen domineres av kystlynghei. Den nordlige, og til dels østlige delen av Hafrsfjord er sterkt utbygd og flere steder grenser det avgrensa landskapet til moderne byggefelt. I sørøstlige og vestlige del er jordbrukslandskapet i større grad bevart, med bølgende marker og beiteland, og med spredte gårdstun. Strandlinjen veksler mellom små og store viker, flere steder med eldre og nyere båtstøer, naust og bryggeanlegg. I flere områder stikker grunnfjellet opp som markerte landskapsformer, i kontrast til det flatere jordbruks- og fjordlandskapet omkring. Det er på noen av disse kollene at jernalderens bygdeborger ble anlagt.

Den nasjonale interessen knyttes primært til slaget i Hafrsfjord som ifølge Snorres sagaer var viktig i rikssamlingen på 800-tallet og som også ble sentralt i nasjonal identitetsbygging fra 1800-tallet, på lik linje med Eidsvoll og Stiklestad. Der fjorden åpner seg opp, gir den åpne og vide vannflaten, med omkringliggende kystlinje og bølgende jordbrukslandskap, en sterk opplevelse av et beskytta fjordlandskap.

Gode betingelser for jordbruk, kommunikasjon og transport har lagt grunnlaget for den maktkonsentrasjonen man kan se rester etter i landskapet rundt Hafrsfjord. Her finnes mange kulturminner som vitner både om lang tids jordbruk, kommunikasjon, religionsutøvelse, makt og forsvar. Bygdeborgene og de store nausttuftene er viktige kulturminner som kan knyttes til fjorden som et forsvars- og maktlandskap.

Flere områder innenfor landskapet er vernet som naturreservater; Hagavågen, Strandnesvågen og Grannesbukta. I disse områdene gjelder forskrift om fredning av naturreservatene og forvaltningsplanen for områdene. Det er fylkesmannen som har forvaltningsansvaret i disse områdene.

Landskapet er sårbart for nye store konstruksjoner som kan bryte de kulturhistoriske sammenhengene og siktlinjene langs fjorden. Det som er igjen av det åpne landskapet rundt Hafrsfjord, som er relativt urørt av nyere tiltak og der gårdsbebyggelsen ligger i sin opprinnelige sammenheng, bør bevares.

Området bør vises i kommuneplanens arealdel som hensynssone c) med særlig hensyn til landskap. Det bør utarbeides retningslinjer til hensynssonen samt generelle bestemmelser til kommuneplanens arealdel for å ivareta verdiene og sette rammer for arealbruken.

Viktige punkter for planlegging og forvaltning av dette landskapet:

  • Utsikten over Hafrsfjord bør ikke brytes av nye store infrastrukturtiltak, industri eller boliger. Sammenhenger mellom synlige kulturminner og kulturmiljøer i landskapet rundt Hafrsfjord bør beholdes.
  • Viktige kulturminner og områdene rundt dem bør skjøttes og ivaretas for å øke lesbarheten og opplevelsen av dem i sine opprinnelige omgivelser.
  • Fortsatt drift er en forutsetning for å opprettholde det åpne jordbrukslandskapet.
  • Ny bebyggelse i jordbrukslandskapet bør som hovedregel plasseres i tilknytning til eksisterende bygningsmilljø/tun og tilpasses den tradisjonelle bebyggelsen og landskapet.
  • Særlig karakteristiske trekk i kulturlandskapet, som småknauser og andre topografiske trekk, trerekker og steingjerder bør ivaretas.
  • I landskapet rundt fjorden har enkelte områder særlig opplevelsesverdi og historiefortellende verdi. Dette gjelder spesielt Ytraberget, med deler av Grannes, Risa og Haga. Disse helhetlige landskapene bør det tas særlig hensyn til.

Hafrsfjord-kart med KULA-grense
Hafrsfjord-kart med KULA-grense

En bratt odde med tydelig tråkk oppover skråningen.
Bygdeborgen «Ytraberget» som ligger sørøst i Hafrsfjord. Foto: Guro Skjelstad, Rogaland fylkeskommune

Vakre landskap i Rogaland

Hovedmålet med rapporten Vakre landskap i Rogaland (1995) var å kartleggje vakre landskap i Rogaland med sitt mangfald av natur- og kulturpåvirkning for å bidra til å ivareta landskapskvalitetene. Presentasjonen av landskap er ikkje ein arealplan i vanleg forstand, men ein presentasjon av verdier som må vektleggjast og takast omsyn til saman med andre arealbruksomsyn.

Kartutsnitt
Kart over registreringen Vakre landskap i Rogaland; utsnitt fra "Slettelandskapet på Låg-Jæren" til venstre, og "Kyst- og øylandskapet i Ryfylke" til høyre.

Hensynssone for landskap (H550) i KPA

Kunnskapsgrunnlaga til UKL, KULA og Vakre landskap i Rogaland ligg til grunn for hensynssoner landskap i arealdelen til kommuneplanen 2023-2040. På eit overordna nivå er dei store landskapstrekka som beskriv landskapsvariasjonen i stor skala kartlagd. Det er definert landskapsområde med eit einsarta visuelt preg som har stor påvirkning på opplevinga i landskapet, og hovedtrekka som vi kan sjå med det blotte auge er beskrive. Følgande landskapsområde er prioritert:

Landskapssonene i kommuneplanen

Ei samanhengande og bratt fjellside kor markert terrengform skaper ein kontrastrik overgang mellom øy- og fjordlandskapet og fjellplatåa på Ombo. Det høge, markerte fjellet Bandåsen forsterker intensiteten i landskapsbiletet. Kulturlandskapet ned mot fjorden har preg av jordbruk i liten skala og ligg i fin kontrast til den elles skogkledde fjellsida. Vekslande vegetasjon gir området botanisk variasjon. Inngår i «Vakre landskap i Rogaland».

Eit samannhengande, heilskapleg og småskala øylandskap kor skjærgård og kulturlandskap gir stor grad av variasjon og særpreg med fleire markerte høgdetoppar. Godt synlege fornminne og bevarte kulturmiljø (kaianlegg, ferjeleier og handelsstader, tun og naustmiljø) tilpassa landskapet gir historisk identitet. Stor artsrikdom i vegetasjonen og markerte enkeltståande tre forsterker verdien av kulturlandskapet. Inngår i KULA-registeret og «Vakre landskap i Rogaland».

Ei øygruppe kor det store antalet øyer og holmer skaper tronge og idylliske sund, med god veksling mellom åpne og lukka rom. Vegetasjonen er frodig og variert, og fleire område inneheld tradisjonelt, gamalt kulturlandskap som gir dei enkelte områda god historisk kontinuitet og særpreg. Inngår i «Vakre landskap i Rogaland».

Ei av dei mest karakteristiske strandsonene i Boknafjorden kor dei mjuke linene i topografien i stor grad er teke vare på. Ei særeiga lysvirkning som oppstår i møtet mellom den åpne strandflata og Boknafjorden gir området høg intensitet. Vekslinga mellom småkupert, blokkrik beitemark, grassletter, buskskog og lauvtrevegetasjon rundt Sørbøvågen gir, saman med eit rikt innslag av kulturminne eit mangfaldig kulturlandskap. Inngår i KULA-registeret og «Vakre landskap i Rogaland».

Eit storskala ope og heilskapleg landskap prega av store kontrastar. Brattkanten gir stor kontrast til fjorden og det flate landskapet på øyane, og er eit viktig overordna romdannande element og landemerke. Frå platået er det eit vidt og storslagent utsyn over fjordlandskapet. Området har eit stort mangfald innan plante- og dyreliv. Sjøhusmiljø og gårdstun ligg i fint samspel med landskapet. Markante steingardar og særprega piggsteinsgjerder, i kombinasjon med kystlynghei og fornminne, gir ei sterk oppleving av historisk forankring og kontinuitet. Inngår i KULA-registeret, UKL-område og «Vakre landskap i Rogaland».

Gamle eiketrær
Helland på Rennesøy. Foto: Gro Karin Hettervik

Ei avrunda og mjuk terrengform gir området særpreg. Tre karakteristiske høgdepunkt og landemerker opnar for ei vid utsikt over fjordlandskapet. Eit karakteristisk kulturlandskap prega av beiting. Sjøen har ei spesiell påvirking på korleis ein opplever rommet i Klostervågen. Utstein kulturmiljø er båndlagd etter Lov om kulturminner. Inngår i «Vakre landskap i Rogaland».

Utstein Kloster sett over Klostervågen ved fjære sjø
Utstein Kloster. Foto: Gro Karin Hettervik

Førsvoll sett fra Bjerga, med fjord- og fjellandskap i bakgrunnen. Tre beitende sauer i forgrunnen.
Førsvoll sett fra Bjerga. Foto: Gro Karin Hettervik
Eit ope storskalalandskap med stor opplevingsverdi og utsikt til fjordlandskapet. Brattskrenten danner stor kontrast til fjorden og det flate landskapet på øyane, og er eit viktig overordna romdannande element og landemerke. Området har eit stort mangfald innan plante- og dyreliv. Sjøhusmiljø og gårdstun ligg i fint samspel med landskapet. Markante steingarder og særprega piggsteinsgjerder, i kombinasjon med kystlynghei og fornminne, gir ein sterk oppleving av historisk forankring og kontinuitet. Inngår i KULA-registeret, UKL-område og «Vakre landskap i Rogaland».

Eit småkupert, beiteprega kulturlandskap som i liten grad er prega av intensivt, industrialisert landbruk er særeige for Brimse. Landskapet er lett lesbart, og smale veier, små teiger, steingardar, jordkjellarar og smålåtne driftsbygninger gir stor tidsdybde. 

Eit ope, flatt og heilskapleg kulturlandskap i eit småkupert øy- og fjordlandskap. Svært mange fornminne med god samanheng til landskapet, samt eldre tun og ein lett synleg eigedomsstruktur med steingjerder gir eit relativt intakt kulturlandskap med stor tidsdybde. 

Eit landskapsområde samansett av ei rekkje større og mindre øyar som varierer mellom flate og kuperte område, enkeltståande tre og tett vegetasjon. Særleg på Lundsneset er det et variert og mosaikkprega kulturlandskap, med mindre skogholt og vegetasjonsrike randsoner. Kontrasten mellom land og sjø er stor, og panoramautsikt mot øyane i Ryfylke og fjella i bakgrunnen gir eit mektig og storslagent landskap. Inngår i  «Vakre landskap i Rogaland».

Eit lågtliggande og småkupert øylandskap. Bygningsmiljø omgitt av eit kulturlandskap med mellom anna terrasserte hagar, steingjerder, oppmurte veger og stier, bakkemurar og alleer gir Lindøy eit landskapsmessig særpreg. Lindøy si lange historie som barnevernsinstitusjon gir området ein særeigen historisk identitet.

Vatna er av dei få attværande store innlandsvatn på Låg-Jæren, og utgjer eit svært viktig element innanfor storskalalandskapet på Nord-Jæren, kor store landbruks- og utbyggingsområde dominerer. Landskapsområdet har ei særprega og variert terrengform med fine vekslingar mellom tett vegetasjon og opne jordbruksareal som gir fleire gode landskapsrom med natur- og driftsmiljø rike på kontrastar og varierte opplevingar. Heilskapleg bruksmiljø med kulturmark, eldre gardsbruk, steingjerder, bakkemurar og gamle geiler gir historisk identitet. Inngår i «Vakre landskap i Rogaland».

Hafrsfjord er ein av fjordane som deler Nord-Jæren i halvøyer. Den opne og vide vannflata gir ei oppleving som veksler mellom spenning og harmoni. Omkringliggjande kystline og bølgande jordbrukslandskap virker romdannande og gir ei sterk oppleving av eit beskytta fjordlandskap. Slaget i Hafrsfjord er sentralt for den nasjonale identitetsbygginga. Inngår i KULA-registeret og «Vakre landskap i Rogaland».

Eit småskala og heilskapleg høgdedrag med stor betydning som eit av dei større og opne kulturlandskapa som fortsatt er bevart på Nord-Jæren. Jåttånuten med vidt utsyn er eit viktig referansepunkt for heile Nord-Jæren. Den karakteristiske bruksstrukturen som stråler ut frå Jåttånuten i form av steinsatte gardsveggar og geiler samt samanhengande vegetasjonsbryn gir området historisk verdi. Inngår i «Vakre landskap i Rogaland».

 

Utfordringsbileta ved landbruk/havbruk/utbygging i kulturlandskap

Dei største utfordringane ved å taka vare på kulturlandskapa er knytta til endra driftsformer i jordbruket og ny bruk av områda.

Nye og moderne driftsformer

Nye og moderne driftsformer kan redusere mangfald og hovudtrekk i kulturlandskapet. Fleire område er prega av gjengroing på grunn av manglande bruk og skjøtsel. Både gjengroing, léplanting og skogreising kan føre til at det opne øy- og jordbrukslandskapet mister sin særeigne identitet. Det er viktig med beite og slått i tillegg til fravær av gjødsel for at naturtypene i kulturlandskapet ikkje skal gå tapt. Slåttemark, slåttemyr og kystlynghei er utvalde naturtyper, noko som innebær at dei har eit visst juridisk vern.

Havbruk

Oppdrettsanlegga virker visuelt forstyrrande i det opne øy- og fjordlandskapet. Ved ei auking i antal og størrelse kan anlegga etter kvart endre det karakteristiske og historiske fjordbiletet.

Utbyggingspress

Bebyggelse har stor virkning på kulturlandskapet, og auka utbyggingspress gjennom fortetting og bygningsmessig volumauke kan endre landskapskarakteren vesentleg. Kringliggande kulturlandskap er byen og tettstada sine rammer og spor, og folk sine opplevelser av dette landskapet er viktig for identitet og tilhørighet.

Moglegheiter og virkemidler i kulturlandskapsvernet

Vi syner ei oversikt over støtteordningar for kulturlandskap i landbruket her.

Her kjem med tida vurdering av nye/betre virkemiddel. Innspel ynskjast!

Til toppen