Gotisk steinhuggerkunst på Stavanger domkirkes kor.

Bispebyen

Oppdatert : 19.01.2023

Av Geir Atle Ersland

Stavanger i middelalderen

Stavanger skiller seg ut blant middelalderbyene i Norge. Det har ikke med alder eller størrelse å gjøre, men med hvem som var byens øverste autoritet. For i de andre byene var det kongen som representerte myndighet, men i Stavanger var det biskopen over Stavanger bispedømme som styrte. Det vil si, egentlig var det St. Svithuns kirke, altså Domkirken, men biskopen og hans kollegium, kannikene ved domkapitlet, forvaltet byen på kirkens vegne. Bakgrunnen for dette var et gavebrev fra kong Magnus Erlingsson (konge 1164 til 1184), der han overførte «selve byen Stavanger» til St. Svithuns kirke med alle kongelige rettigheter til domsmyndighet og skatt. Dette er den eldste skriftlige kilden der Stavanger er nevnt som by, og det er naturlig å stille spørsmål om hvor gammel byen var. Her har den lokalhistoriske diskusjonen vært livlig i moderne tid, for Stavanger som for de andre middelalderbyene.

Hvor gammel er Stavanger by?

Den vanligste tolkingen er at byen utviklet seg etter at bispesetet ble opprettet, i styringstiden til Sigurd Magnussons tid som enekonge, 1122 – 1130, og året 1125 er akseptert som et rimelig år. På det tidspunktet var byggingen av Domkirken i gang. Men under denne er det også funnet spor etter en eldre kirke, med begravelser og spor etter annen aktivitet. Men grunnlaget er for svakt til å slutte at dette er spor etter en by. Vi kan konkludere med at det enkelte med velvilje vil tolke som spor etter en by, kan andre argumentere for er spor etter en tidlig kirke i et område preget av jordbruksaktivitet. Mye av diskusjonen skyldes at selve begrepet by ikke alltid er klart definert. Historikere framhever at byene skal ha sentrumsfunksjoner i forhold til et større omland, de skal være preget av en mangfoldig økonomisk aktivitet enn den som var vanlig på landsbygda, og byene skal være skilt fra landsbygda som egne rettskretser. Magnus Erlingssons gavebrev kan lang på vei tolkes som at en slik utskilling nå var en realitet.

Opprettelsen av bispesetet

På bakgrunn av det tilgjengelige kildematerialet, enten det er arkeologisk eller skriftlig, er det rimelig å regne med at opprettelsen av bispesetet starter en prosess der det utviklet seg en stadig tettere bebyggelse med en allsidig økonomisk aktivitet. Utover på 1100-tallet får området omkring Domkirken og ned mot Vågen de kjennetegn som skal til for at Stavanger blir sett på som by. Slik kan det være rimelig å regne 1125 som utgangspunkt for at Stavanger i løpet av de neste ti-årene vokste fram.

En middelalderby

I moderne tid har vi en oppfatning av en by som et tettbygd område med mange hus og gater, og en livlig aktivitet i møtet mellom fastboende og tilreisende. Slik var nok også Stavanger i middelalderen, men i mye mindre skala. Rimelige forsøk på å beregne et folketall, slutter med at byen neppe hadde flere enn noen hundre innbyggere. Det ble drevet handel og håndverk, men volumet var neppe stort, og var beregnet på byens befolkning og de som hørte til i det nærmeste omlandet. Den største aktiviteten var knyttet til Domkirken og bispegården. Her var bygningene i stein, og skilte seg klart ut fra en omkringliggende smålåten bebyggelse i tre. Det var ved bispegården og Domkirken at de fleste håndverkerne fant sysselsetning, og det var her bispestolens inntekter fra hele det store bispedømmet ble samlet.

Det Stavangerske bispedømmet omfattet hele Rogaland og Agderfylkene, med tillegg av Valdres og Hallingdal. Biskopen var regnet som en stormann, en fyrste blant de fremst i det norske aristokratiet, og hadde fast plass i kongens råd. Da reformasjonen kom ved slutten av 1530-årene, stod stavangerbiskopen fram som den siste som forsvarte kirken og det norske riket. Men den gamle katolske kirkeordningen ble avskaffet, og det var planer om å slå det stavangerske bispedømmet sammen med det bergenske, men det skjedde ikke. Mot slutten av århundret var byen på ny i vekst med Domkirken i sentrum.

Kva kan vi oppleve frå mellomalderen i Stavanger i dag?

Domkirken i Stavanger stod truleg ferdig for alle praktiske føremål ved midten av 1100-talet.[i] Bygningsarkeologisk er det hevda at bygginga kan ha starta alt omkring 1100, det vil seia før opprettinga av bispesetet, og at skipet først stod ferdig i siste fjerdedel av hundreåret.[ii] Når det er påvist graver der kyrkja blei reist, og at desse delvis ligg under fundamentet for kyrkja, er det sannsynleg at det også stod ei kyrkje her eller like ved, og som kan ha vore ei forsamlingskyrkje alt på 1000-talet. Fischer har gjennom sin analyse av utviklinga av søylekapitela på begge sider av midtskipet vist at dei har trekk som tyder på at bygginga gjekk frå koret i aust mot tårnet i vest.[iii] Han konkluderte med at det var vanskeleg å peika på klare engelske førelegg for den eldste kyrkja. Det er trekk som peikar mot tysk og lombardisk påverknad, sjølv om hovudimpulsane ser ut til å ha komme frå England og Normandie.

Biskopens embete var av fyrsteleg karakter, og det var i koret i Domkirken han hadde sin trone eller stol, på latin cathedra, og herifrå kjem omgrepet katedral. Rundt katedralen blei det bygd opp eit sentrum for forvaltinga av bispedømet. Det er mellomalderkyrkjas posisjon i samfunnet og biskopanes rang som forklarar Domkirkens og bispegardens dominerande plassering i bybildet.

Steinhuggerkunst fra gotikken.
Korets bispeportal er plassert vis a vis bispekapellet og er korets eneste opprinnelige portal. Den er svært elegant med flotte blomsterprydete spir – fialer. På kapitelene finner vi det stiliserte bladverket i engelsk ”decorated style”, som preger hele koret. Foto: Morten Stige

Domkirken i Stavanger var vigd til St. Svithun, helgenbiskopen frå Winchester, og den første biskopen i Stavanger (død 1135), ifølgje sagaskrivaren Snorre, frå England. I nyare historie har dette blitt tolka vidare til at  Reinald kom frå Winchester, men vi har ikkje kjelder som støttar ei slik tolking. At Domkirken var knytt til St. Svithun blir understreka av at kyrkja gjennom heile mellomalderen blei omtala som St. Svithuns kyrkje. Domkirken brann i 1272, og etter brannen blei det bygt eit nytt kor i gotisk stil, det eldre romanske skipet blei reparert.

Bildet viser Stavanger domkirkes sørfasade, med overgangen mellom romansk og gotisk byggestil.
Overgangen mellom romansk skip og gotisk kor er et sterkt stilbrudd. De åttekantede tårnene tar opp møtet på en svært elegant måte. Bruddstenmurverket på skipet og de nedre delene av koret mangler pussen og kalken som skal til for å få frem kontrastene til de fint hugne stenene oppover i kormuren og rundt vinduer og portaler. Foto: Morten Stige

I Domkirken var det sjølvstendige stiftingar, alter, med eigne alterprestar. Fram til 1350 kjenner vi fem slike alter i eigne «stuker» (sidekapell). Totalt kjenner vi namna på 17–18 alter i Domkirken, men det er vanskeleg å avgjera om alle var i funksjon samtidig. Eit resultat av reformasjonen var at Domkirken nå blei sett på som soknekyrkje for byen og ikkje lenger om heile bispedømmets kyrkje. Skipet var for menigheten, og i mellomalderen det hadde verken stolar eller benker, slik at folk måtte stå under messer, preiker og alle andre kyrkjelege handlingar.

Domkirken stod visuelt fram som det sentrale punktet i mellomalderbyen Stavanger, og kyrkja med tilhøyrande bispekapell og restar av Bispegarden i Kongsgård skole, er dei einaste bygningane frå mellomalderen som enno finst i Stavanger. Domkirken representerer byens mest markante historiske element i vår tid. Domkirken i Stavanger er den einaste domkyrkja frå mellomalderen som er bevart i Norge. Skipet eller langhuset i Domkirken i Stavanger, som også i dag har sin opphavlege størrelse, er 31, 5 meter. Tilsvarande var langhuset i domkyrkja i Bergen om lag 40 meter, i Oslo var lengda 28 meter, i Hamar 30 meter og den eldste domkyrkja i Nidaros var 30 meter lang.[iv]

Bispekapellet var biskopens private kapell, og ligg mellom bispegarden og koret i Domkirken. Kapellet er i dag eit av dei finaste gotiske byggverka som er bevart i Norge. Bispekapellet blei truleg reist samstundes med det gotiske koret i Domkirken, det vil seie ved gjenreisinga etter at Domkirken brann i 1272. Deler av kyrkjegardsmuren som ligg i flukt med veggen i kapellet kan ha same alder. Les meir under Middelalderkirker i stein.

Et eksteriørbilde av Bispekapellet
Foto: Morten Stige

Namnet Stavanger er samansett av to ledd, stav og anger. Det siste betyr fjord, og Stavanger kan derfor omsetjast med stavfjord. Sjølv om stav og anger er brukt i mange samansette namn, som til dømes Stavland eller Tananger, finst det i Norge berre tre med både stav og anger. To av dei er i Sunnfjord, der stadene Stavang i Flora og Stong i Askvoll ligg ikkje så langt frå kvarandre.[v] Begge namna er i utgangspunktet det same, sjølv om det siste har endra seg i uttale gjennom hundreåra, og med det har skrivemåten følgd etter. Det er viktig å understreka at det er namnet på fjorden som har gitt gardane Stavang og Stong namn, og på same måte er det med Stavanger. Byen har namn etter ein fjord som blei kalla Stavanger. Karl Rygh, som skreiv om dette i Norske Gaardenavne i 1919, tolka bynamnet slik at stav-leddet har bakgrunn i forma på fjorden, det vil seia ”Vaagens rette Løb.”[vi] Rygh meinte at Vågen var fjorden i bynamnet.

Eit svart-kvittbilete av Stavanger fotografert frå fly. Ein ser søraustover frå omtrent over Kalhammeren, over heile Vågen, Sentrum, Storhaug, Gandsfjorden, Hommersåk og fjella innafor.
Vågen og Stavanger sentrum fotografert i 1953. Er det desse landformasjonane som har gitt byen namn? Foto: Widerøes flyfotosamling, Stavanger byarkiv

Knut Helle imøtegjekk denne tolkinga (1975). Han heldt fram at inntrykket av Vågens ”rette løp” skuldast utfylling og utbygging av kaiar på begge sider i nyare tid, og ikkje kunne brukast som argument for korleis Vågen opphavleg hadde sett ut. For Helle er det nemninga ”stav” som ligg til grunn for tolkinga av namnet. Det er mange fjell, åsar og steinformasjonar på Vestlandet som har stav i namnet.[vii] Helle hevda at det kan ha vore ein bratt skrent under Valberget ved Vågen som var opphavet til namnet. Denne tolkinga hevda han, gjer det mogleg å forklara bynamnet Stavanger og dei to Stavanger-namna i Sunnfjord på same måte, i tråd med andre stavnamn i Norge og på Island.[viii] Mot Helles tolking har Kåre Flokenes opponert i boka Stadnamn i Askvoll (1999). Flokenes hevdar at namnet Stavanger opphavleg blei gitt til eit større fjordområde enn Vågen, og at ”staven” i namnet er ei nemning for den rette strandlina frå Tungenes og innover. Liknande landskapsformasjonar er også opphavet til dei to Stavanger-namna i Sunnfjord, og bakgrunnen meiner Flokenes er at dei er laga av ”folk som siglde eller rodde langs kysten.” ”Namna langs kysten var gjevne frå leia dei sjøfarande fór, og namna måtte vera så karakteristiske at når dei sjøfarande såg stadane, måtte dei alltid kunne orientere seg etter namna.”[ix] Ei innvending mot denne tolkinga er føresetnaden om at namnet er gitt av folk som sigla langs kysten og som hjelpemiddel i navigeringa, for namnet kan like godt ha blitt gitt av dei som heldt til i området ved Vågen.

Mariakyrkja var kyrkja til domkapittelet, kannikane, i Domkirken, og ho var soknekyrkje for eit kyrkjesokn som seinare tilsvara Hetland kommune.[x] Omrisset av kyrkja er i dag rekonstruert med låge murar like nord for Domkirken. Etter reformasjonen bli kyrkja omgjort til rådhus, og på 1800-talet var ho brannstasjon, før bygningen blei riven i 1883. I fundamenta til kyrkja blei det i 1961 funne ein mynt frå Magnus Lagabøtes regjeringstid (1263–80).[xi] Les meir under Middelalderkirker i stein.

Her kjem bilete av den rekonstruerte grunnmuren

Torg er eit sentralt element i dei aller fleste eldre byar, men det er ikkje nemnt i Stavanger i mellomalderen. Torget er derimot hyppig omtala ei nyare kjelder, og på Aagards kart er det markert, og sentralt plassert inst i Vågen og like nedanfor Domirken. Heilt opp til moderne tid var torg viktig for å forsyne byane med ferskvarer. Dersom Stavanger hadde eit fast lokalisert torg i mellomalderen, er det ikkje urimeleg at det har hatt same plassering som i nyare tid. På Aagaards kart ligg torget eit stykke ovanfor sjølina mot Vågen, og det kan skuldast utfylling, med andre ord at eit eventuelt torg i byens første hundreår låg direkte ved Vågen. Det er så langt ikkje gjort arkeologiske funn frå mellomalderen innanfor torgområdet, men det er gjort funn av brulegging som kan vera frå 1600-talet.[xii]

Et svart-hvittbilde av myldrende folkeliv på torget en dag i 1931.
Torget i Stavanger, sett mot Domkirken en travel dag i 1931. Foto: Byarkivets postkortsamling, Stavanger byarkiv

 

Biskopen var ein fyrste både religiøst og verdsleg, og Bispegarden var den faste bustaden til biskopen og hushaldet hans. Biskopen hadde prestar og tenestefolk rundt seg, og han heldt også krigsfolk. Dessutan må vi rekna med at det til ei kvar tid fanst handverkarar og bygningsfolk i Bispegarden. Garden var eit kompleks av bygningar, og delar av dette er i dag synleg som underetasjen i Kongsgård skole. Den er rekna som oppført i gotisk murverk, altså yngre enn Domkirkens romanske parti, og dermed truleg bygd samstundes med det gotiske koret i Domkirken og Bispekapellet i dei siste tiåra av 1200-talet. Det er gjort funn av keramikk frå 1200-talet, og delar av muren som truleg gjekk rundt Bispegarden er påvist i dagens Haakon 7.s gate. Bispegarden var biskopens residens til bispesetet blei flytta til Kristiansand i 1684.

Hovedbygningen på Kongsgård skole, sett delvis gjennom løvverket til trær. Skolegården er tom, ingen flagg eller vimpler på de to flaggstengene på hver side av steintrappa.
Kongsgård skole sommeren 1954. Foto: Jacob Kvæstads arkiv, Stavanger byarkiv

 

Vågen er sannsynlegvis eit sentralt element i forklaringa til at det utvikla seg eit bysamfunn i Stavanger i mellomalderen. Eit utsyn over byområdet i dei første tiåra av 1100-talet ville ha vist at Vågen var opptil tre gonger så brei som i dag, og ikkje stod fram som lang og smal i same grad som i nyare tid. På austsida gjekk berget bratt frå sjøen og opp til Valberget, men også på vestsida steig terrenget nokså sterkt frå sjøen og oppover. Inst i Vågen var det ei slakare strandflate med ei brattare stiging opp til Domkirken. Området frå inst i Vågen og opp mot Domkirken kan vi rekna som mellomalderbyen Stavangers kjerneområde.

For 5000–6000 år sidan stod sjøen ti meter høgare enn i dag, og Valberget låg som ei øy. Skulle vi ha teikna inn Domkirken på eit kart over topografien på denne tida, ville ho ha lege heilt i sørenden av øya. Rundt vågen voks or, alm, lind og furu. For om lag 5000 år sidan kan det første februket ha teke til, og ein del av skogen blei rydda. Men først nokre hundreår inn i vår tidsrekning blei jordbruket for alvor introdusert med omfattande rydding av skog og omdanning til eit åkerlandskap der havre var hovudveksten.[xiii] No hadde landheving ført til at øya med Valberget var blitt ein del av landskapet kring Vågen. Valberget er slik sett ein landskapsformasjon som viser tusenårige tidslinjer.

Bygardar i mellomalderen var eit kompleks av bygningar med fleire funksjonar, som bustad og opphaldsrom, lager- og handverksbuer, og truleg også rom for dyrehald. Ein av dei best dokumenterte bygardane i Stavanger i mellomalderen er Skagen, i dag kanskje tilsvarande den næraste husrekka på nordsida av Torget. Desse og sjøbuene med bygningar bak og lenger utover, kan også reknast som del av Stavangers mellomalderske bygningsstruktur, sjølv om husa er frå nyare tid. I 1968 blei det på adressa Skagen 3 gjennomført dei til no mest omfattande arkeologiske utgravingane i Stavanger. Eit brannlag blei tolka som avsett etter bybrannen i 1272, og det blei også funne spor etter utfylling i Vågen frå andre del av 1200-talet. Keramikk frå 1100- og 1200-talet høyrde òg med til gjenstandsfunna.[xiv] Desse funna underbyggjer oppfatninga om at dette er byens eldste tettbygde område. Andre bygardsnavn kjent frå Stavanger i mellomalderen er Nasargard, Brødregarden, Kommunesgarden, Katalargard, Bratten, Nedre Kriken, Midt Kriken, Kriken, Arnegard og Steinsgarden.

Skagen er eit av dei få namna på byeigedomar som er kjent før 1300. Skagen er første gong omtalt i 1296, i samband med ein korsbror som blei kalla Ingemund av Skagen. Det går fram av seinare kjelder at dette var ein bygard med fleire hus. Den 20. juni 1362 blei det halde lagting i Insteskagen.[xv] Dette tyder på at det var minst to husrekker i garden. Men Skagen hadde fleire, for 13. januar 1382 blei det teke opp eit vitnemål i Midtskagen.[xvi] Truleg skjedde det i setstova, for her avsa lagmannen i Ryfylke dom i juni 1391, i ei sak om brot på jule- og heimefred. Setstova i Midtskagen er også nemnt då denne saka kom fram igjen for retten året etter.[xvii] Når det fanst ein Inste- og Midtskagen må vi gå ut i frå at det fanst ein Ytsteskagen òg. Namnet Skagen er i dag i bruk som namn på eit gateløp som går frå Torget og ut mot berget under Valbergtårnet, men det er også brukt som namn på området omkring. Det er mogleg gardsnamnet er blitt overført til gata og området på eit seinare tidspunkt.

Alt tidleg i organiseringa av kyrkja i Norge kan vi rekna med at det fanst ei eller anna form for utdanning knytt til bispeseta. Dette var nødvendig for å dyktiggjera unge menn til lågare prestestillingar, og for å gi eit grunnlag for dei som hadde midlar til å reisa utanlands for å skaffa seg høgare utdanning ved eit universitet. Dei første universiteta blei danna på 1100-talet, og kom i tillegg til den tidlegare utdanninga som fanst ved mange kloster.[xviii] Det kan ha blitt gitt undervisning i Stavanger alt i det første hundreåret etter at bispesetet blei grunnlagt, og før eit domkapittel blei oppretta. Dette finst det eit indisium på i ei engelsk helgenlegende. Her blir det fortalt om ein ung mann som skal ha fått undervisning i eit kloster i Stavanger tidleg i 1160-åra.[xix] Dette er faktisk den eldste kjende opplysninga om organisert undervisning i Norge.[xx] Vi kan rekna med at gjennom heile mellomalderen var skulen i Stavanger ein vesentleg formidlar av kunnskap frå sentrum og ut til dei mest avsidesliggande kyrkjene i bispedømet.

Det er ikkje overlevert kjelder som gir direkte innsyn i korleis det var å vera elev, på latin scholaris, i Stavanger. På dansk blei ein elev ved kapittelskulane kalla pebling, som kjem av den nedertyske bruken av pape om ein prest, men ordet betydde eigentleg pave.[xxi] Skuledagen i Stavanger har sikkert ikkje skilt seg frå det som kjem fram om skulelivet i utanlandske kjelder. Då omfatta undervisninga først og fremst retorikk (talekunst), grammatikk (språklære) og dialektikk (samtalekunst). Gramatikken var viktigast, og gjekk ut på å lesa, skriva og tala latin. I tillegg kom liturgisk opplæring, og det blei også gitt meir avgrensa undervisning i logikk og kristendom. Det pedagogiske prinsippet var at eleven skulle læra utaboks og prøvast ved overhøyring. Fysisk straff var vanleg med både ris og stokk, anten det var for brot på ordensreglane eller at ein snakka morsmålet når ein skulle bruka latin. Ei kulturelt lysare side ved skulelivet var tradisjonen med å oppføra teaterstykke med religiøst og moralsk oppbyggeleg innhald.

Skulen var i forfall og drifta ser ut til å ha lege nede ved reformasjonen, men behovet for skule som kunne utdanna prestar og gi grunnlag for å studere på universitet, var like viktig etter reformasjonen. Derfor kom også drifta i gang igjen, og i 1553 finn vi at tidlegare elevar frå skulen i Stavanger var innskrivne ved universitet i Rostock. Skulen i Stavanger var direkte knytt til Domkirken. Derfor blei skulen også flytta til Kristiansand ved slutten av 1600-talet, saman med bispesetet. Men skuledrift heldt også fram i Stavanger på 1700-talet, men nå som ein kristendomsskule. I moderne tid er tradisjonen med skule knytt til Domkirken vidareført i skulen på Kongsgård, der hovudbygningen står på underetasjen av mellomalderens bispegard. Den gamle skulebygningen, med røter tilbake til mellomalderen, stod aust for Domkirken, og blei riven omkring 1840. I nyare tid er skulane ved bispeseta ofte omtala som katedralskular, men dette er ei moderne nemning som ikkje blei brukt i mellomalderen. For Stavangers del kom nemninga i bruk etter at byen på ny blei bispesete i 1925.

Breiavatnet hadde eit utløp i nord gjennom Skolebekken og ut i Østervåg. Skolebekken er eit varig minne om undervisninga ved den eldste katedralskolen som stod i bakken nedanfor Domkirken. Bekken er for lengst er lagt i røyr, men utløpet frå Breiavatnet er synleg som ei rist i muren langs vatnet.

Ein større bekk med stabil vassføring kom ned i Breiavatnet der jernbanestasjonen ligg i dag. Kanikkar var eit namn som blei brukt om korsbrørne ved Domkirken, dei var biskopens råd og skulle sitje i korstolane i Domkirken. I Kanikkbekken var det mølledrift så seint som tidleg på 1600-talet, og namn som Kannikbekken, saman med opplysningar om at domkapitlet eigde grunnen her, gjer det sannsynleg at dette var ei av inntektskjeldene til kannikane i mellomalderen. Fossen og mølletomta hadde kapitlet kjøpt av Ustein kloster i 1387.[xxii]

I byane var det vanleg med eitt eller fleire hospital. I Stavanger oppretta biskopen eit hospital i 1270-åra. Det skulle ta seg av fattige og sjuke, og drifta blei finansiert gjennom jordegods som låg til hospitalet og ved almisser og testamentariske gåver. Hospitala hadde også si eiga kyrkje, og for hospitalet i Stavanger var dette Peterskyrkja. I dag finn vi Hospitalsgata i området der Hospitalet låg i fleire hundre år.[xxiii]

Hospitalet skulle vera eit supplement til den legdsordninga som blei praktisert både på landsbygda og i byane. Her skulle fattige flyttast frå hushald til hushald, og ordninga var dermed ei form for sosialteneste utanfor domenet til dei geistlege institusjonane. Dei som dreiv hospitalet, var organiserte som ordensgeistlege, det vil i prinsippet seia på same måte som munkar og nonner i eit kloster. Eit hospital var i prinsippet eit lukka og isolert samfunn, gjerne plassert ved hovudvegar inn og ut av byen slik at reisande skulle bli minna om å gi allmisser til dei som var mindre heldig stilte.

Hospitalet fungerte gjennom hundrevis av år, og er teikna inn på Aagaards kart frå 1726. Der er også Peterskyrkja. Kyrkja blei riven i 1815.[xxiv] I 1917 skal det ha blitt gjort funn etter hospitalkyrkjegarden. Både kister og bein blei gravne fram i krysset mellom Hospitalsgata og Klubbgata. Også moglege delar av kyrkjegardsmuren blei observerte. Men gravplassen var i bruk like til 1814, og funnmaterialet var neppe av mellomalderopphav.[xxv]

Hospitalets drift og ideologi i katolsk tid var basert på den sentrale rolla gode gjerningar spela i folks religiøse oppfatning. Omsorg for fattige og sjuke tente til frelse. Tanken om at kristne skulle visa medynk blei ikkje borte ved reformasjonen, men det blei slutt på skikken med testamentariske gåver til hospital eller fattigforsorg, fordi denne praksisen var tufta på ideen om at helgenar skulle gå i forbøn for sjelene til den døde. Slike førestillingar blei avviste som ukristelege av dei protestantiske teologane, men hospitala blei vidareførte ved hjelp av inntekter frå jordegods og tilskot frå byens eigen kasse. Hospitalet skulle ikkje gjera folk friske, slik at dei kunne komma tilbake til samfunnet. Det var ein stad å oppbevara folk som ikkje kunne hjelpa seg sjølve. Det blei rekna med at folk blei i Hospitalet livet ut.

Under skråninga om lag der krysset mellom Håkon 7.s gate og Lars Hertervigsgate går i dag, låg Olavsklosteret. Det var bygt i stein, og ruinar blei observerte ved gravingar i Olavskleiva i 1843. Då blei det avdekka samanhengande murar med ”flere smukt tilhugne Vægstene.”[xxvi] Olavsklosteret eksisterer det ikkje spor av i dag. Kloster blei flytta til Utstein ved midten av 1200-talet, men ved slutten av 1200-talet, gjorde munkar frå Utstein kloster teneste ved kyrkja i byen, og kyrkja kan ha blitt vidareført etter at klosteret hadde flytta.[xxvii] Men seinast på 1500-talet, om ikkje tidlegare, låg Olavskyrka i Stavanger i ruinar, og i 1577 godkjende kongen at stein derifrå kunne nyttast til reparasjon av Domkirken. I dag er namnet Olavskleiva eit minne om kvar Olavsklosteret låg.

 

Tilbake til toppen av siden

 

[i] Fischer 1964: 43; Helle 1975: 97

[ii] Hohler 1964 og 1967. Lidén 1970: 27

[iii] Fischer 1964: 36–42; Helle 1975: 97

[iv] Lidéen 1970: 26

[v] Rygh 1896: 34; Helle 1975: 11; Flokenes 1999: 25

[vi] NG 12: 246

[vii] Helle.: 30

[viii] Helle.: 37

[ix] Flokenes 1999: 25

[x] DN IV nr. 23. Kolsrud 1925: 52. Helle 1975: 115–16

[xi] Lillehammer 2000: 17

[xii] Lillehammer 2000: 11–12 og tilleggsrapport for åra 2002–2004

[xiii] Simonsen 1971: 46–48

[xiv] Lillehammer 2000: 12–16

[xv] DN, 2 nr. 370

[xvi] DN, 21 nr. 165

[xvii] DN, 4 nr. 594, 604 og 605

[xviii] Brøgger 1915: 29

[xix] Legenda om den anglosaksiske munken Cutberth, som var biskop i Nord-England på slutten av 600-talet. Notisen blei oppdaga av den norske historikaren Edvard Bull d.e. ,som publiserte funnet i SMÅ i 1910.

[xx] KLNM, 8:. 352

[xxi] MndWB: 270; NO: 47; APD: 24

[xxii] DN, 4 nr. 537; Helle 1975: 139 og 142

[xxiii] DN X nr. 4. Om dateringa, sjå RN II nr. 89. Helle 1975: 119 og 121

[xxiv] DN 10 nr. 4. Om dateringa, sjå RN II nr. 89; Helle 1975: 121

[xxv] Lillehammer 2000: 21

[xxvi] Helle 1975: 111; Lillehammer 2000: 20, pkt. 22

[xxvii] DN 4 nr. 16 og 25